I dag har me køyrt rundt og sett på kor fint det er her, mange foto-stopp og mange bilete! Her er nokon av dei.
Fiskeflåten i Senjahopen
Lunsj stopp på Ersfjordstranda.
Her kor dei har «gulldassen» til 3,6 mill. Me fekk nytta fasilitetene – vidunderlig følelse med gullavtrede, tøft med glasstaket!
Neste stopp Tungeneset- her har dei milliondassen, fekk ikkje nytta fasilitetene her..
..men Eilev fekk buldra seg litt medan eg fotograferte, mykje flott her
Okstindan i bakgrunnen.
Ein delfin?
Mange vannbasseng i fjellformasjonane, alle med ulikt innhald
Ein dam med anemoner.
Kyssemunn midt på berget!
Neste stopp – restauranten i Hamn, i dag vart det kaffi og gulrotkake 🙂
Etter sukkerinntaket måtte me ut å gå – opp på Sukkertoppen!
Eventyrlig vakkert område for padling her. Husfjellet (der me var i går) i bakgrunnen.
Bratt opp siste delen, men god sti.
Oppe!
Juhu! Klarte det eg og!
Like bratt nedatt!
Sirkla ei ørn over og under oss på veg ned 🙂
No attende i Cirkeline II , har rydda ut av bilen og skal levere den inn att i morgon.