Busstur til Reine

I dag var det kald vind og havskodde på Ramberg. Me tok bussen til Reine og der var det sol og fint 🙂 Flotte blomstrande lier oppover mot Reinebrinken.IMG_1034

Ny sti sidan sist, utrulig flott laga trapp på nesten 1700 trinn.IMG_1036

Utsikten her oppe er ikonisk. Vanskelig å begrensa seg i fotograferinga og vanskeleg  å velja kva eg skal ta med her…IMG_1040IMG_4520IMG_1045IMG_1046

Men i dag skulle me videre opp på toppen- eg seier berre Besseggen og Romsdalseggen – barnemat! Eg kjende på att her er det smalt og laaangt ned på begge sider…IMG_1048

Målet er toppen til venstre her.IMG_1049

IMG_1051

Og utsikten tek pusten frå deg heile vegen- av og til fordi det er så stup-bratt og av og til fordi det er så vakkert!IMG_1054IMG_1063

Oppe  og nøgd med meg sjølv ! Utsikt eine vegen og..IMG_1065

..og utsikt andre vegen.IMG_1067

Så ber det nedan over dei samme kvasse egga …IMG_1068

Ja- og så utsikten då…IMG_1070

Nede i trappa att. Imponerande arbeid!IMG_1075

Vel nede att like heile 🙂 Var forresten ei skummel hending på brinken der mesteparten stoppar. Nokon var uaktsomme og løyste ut ein stor stein som raste nedover og tvers over der stien går! Det gjekk bra denne gongen, men dette var nære på.IMG_1076

Buss attende til Ramberg- her framleis kald vind. Herleg å koma inn i varm båt!IMG_1079

Middag med bakte grønnsaker og svinefilet smakte! Ikkje før velveret senka seg og eg kjende att middagskvilen kom sigande, skulle Eilev ut å sjå på den flotteste stranda i Lofoten som ligg her. På med varme kle og ut. Her dokumentert at Eilev har briller på …IMG_1082

IMG_1093

Ein tjeld hamstra makkamiddag i sanden..IMG_1119

Må jo innrømma att det er ei flott strand, det er anbefalt å bada når sjøen flør opp på varm strand, skal vera varmast då…IMG_1101

Eilev ville sjå utover i kikkert om det kunne bli farbart vidare i morgon. Det førte til at han mista brillene (i så fall 3dje par som sjøen tar). Me leita og leita, men måtte gå slukøyra heim. Etter å ha fått varmen att og ferdig oppvask fekk Eilev ny gnist på leiting. Jammen slo lukka til igjen, brillene låg fint samanlagde mellom mange fotavtrykk, rett før bølgene nådde dei. Då blir det portvin ….

Sørvågen til Ramberg

Halve dagens etappe her . Me henta påhengsen og åt lunsj med Grete Marit i Ballstad. Gjekk så Nappstraumen og ut til Ramberg. Sol inn i cockpit og medstraum 🙂IMG_2828

Reine og Kirkefjorden- fjella.IMG_0880

Fiskarar rund alle vegar – ein me møtte meinte att søringene med alle fiskebåtene såg ut meir som eit taterfølje  🙂3G1A2668

Her i Ramberg var det fleire brygger å velja mellom – denne vart det mykje fiskebåtar på- så me valde ei anna.IMG_0895

Pannekaker til middag, så pakke sekk og fram med syklar 🙂IMG_4511

Me sykla til Fredvang for å gå på Ryten og ned i Kvalvik. IMG_0907

Flott sti heile vegen, kan skimte Kvalvika nede der.IMG_0913

På toppen er det flott utsikt ned i Kvalvika.IMG_0919

Og flott utsikt tilbake til RambergIMG_0920

Ein balansekunstner på vardebygging hadde sett att denne!IMG_0925

Så går vegen ned i fjørå. Det var nett som ein campingplass, 6 telt !IMG_0930

Flotte plankebruer over våte myrer, til og med møteplasser! Ver så god passer!IMG_0935

Hadde ikkje vore lett å koma tørr i land med jollen her..IMG_0954

IMG_0968

Så var det den tunge vegen heim – opp først , og så ned til syklane 🙂IMG_1032

Godt å koma inn i båten å varme seg å få litt varm te og portvin no 🙂

Fottur til Tindstinden

Nok ein perfekt dag med sol, sol , sol! Me bestemte oss for å gå på Tindstinden. Flott utsikt over idylliske  Sørvågen etter kort tid.IMG_0807

Me måtte gå over nokon fonner, nokon i brattaste laget synest eg, men det gjekk fint 🙂IMG_0808

Nesten oppe – utsikt ned til Ågvatnet.IMG_0811

Og full kontroll på Å her oppe frå!IMG_0820

Flott sti der det ikkje er snø.IMG_0825

På toppen, utsikt ned til Å på eine sida og Sørvågen på andre. Veldig god sikt i dag så me ser heilt over til Steigen. Det er ferja frå Bodø til Moskenes me ser der nede.IMG_0831

Ikkje eit vindpust på toppen, så då kunne me sola oss etter nisteeting 🙂IMG_0836

Der ute er Moskenesstraumen, Mosken og Værøy.IMG_0839

Varmt og fint til fjells i dag 🙂IMG_0847

Me var akkurat her!!!IMG_0851

Nedatt til fiskevatnIMG_0854

Me freista fiskelukka men det blei fint lite fisk …IMG_0867

Full snøsmelting og store elver i dag.IMG_0876

Greit med middagsrester når auren ikkje vil bite 🙂

Ballstad til Sørvågen

Dagen starta med ilandheising av den umulige påhengsen. Her på Ballstad har dei folk som kan hjelpe! Viste seg att me måtte bytta forgassar som er bestillingstid på… Tilbake å hente motor om nokre dagar.IMG_4504

Eg blei teken med på cappuchino-dag i Leknes av Grete Marit 🙂 Fekk handla litt og 🙂IMG_4505

Prinsippet her må vera ; det som ikkje går i lengden tek me att på høgda!IMG_2787

Dagens etappe:IMG_2792

Me forlet Ballstad. Strålande sol på fjellet me var opp på i går.IMG_0720

Livet er ikkje det verste ein har på slike dagar 🙂 Blei meir og meir vind- til slutt litt i mestelaget for jolla som hadde litt regnvatn ombord, straum, vind og bøljer… men me har den no enno.. Blir pakka ned i dag – meir vind i vente.IMG_0721

Majestetiske fjell inn til  Reine.IMG_0724

Me gjekk inn der for å finne oss ein plass.IMG_0731

Veldig idyllisk inne her.IMG_0770

Mykje flott lys i dag.IMG_0775

Men me måtte venda nasen ut att – ingen ledige gjesteplasser her i dag.IMG_0796

Tilbakeblikk mot Reine . Me går videre til Sørvågen, her har dei plass til oss 🙂 Eilev har spylt båten rein for sandblåsestøv frå slippen i Ballstad, båten var heilt grå! IMG_0800Fiskegrateng til middag, laga av fiskerester frå i går 🙂

Stamsund til Ballstad

Dagens etappe. Innom her og der for å sjå, og så fiska me torsk til dagens middag 🙂img_2790.jpg

Dette såg idyllisk ut oppe frå fjelltoppen i går, viser seg å vera heller slitne hus, men ei fin vik  er det.IMG_0666

Havskodda ligg på lur…IMG_0681

I Ballstad har eg eit syskjenebarn Grete Marit. Ho tok på seg oppgåva å vera vår lokale guide 🙂 Me gjekk tur til Nonstind , ein runde i Ballstadheia og ned att. Som de ser utsikten er upåklagelig !IMG_0683

Snart fugleperspektiv! 🙂IMG_0687

Langt nedi der ligg Cirkeline i lag med alle dei store 🙂IMG_0689

Eilev og Grete Marit rett før toppen.IMG_0692

Utsikt mot Skottind.IMG_0694

Flott turterreng opp her.IMG_0695

Så ber det ned att.IMG_0697

Ballstadreven!IMG_0712

Vikingskip-kopi som høyrer til vikingmuseet på Bø.IMG_0715

Rorbuer- gammalt og nytt.IMG_0718

Henningsvær til Stamsund

Starta dagen med eit besøk på Kaviar factory (art tatt ut) i Henningsvær, flott utstilling og svært hyggelig vertskap! Anbefaler eit besøk her!IMG_4485IMG_4484

Dagens etappe.IMG_2783

Segling med vind frå sør, sol inn i cockpit 🙂 🙂 🙂IMG_0527

Innsegling til StamsundIMG_0531

Her ligg fiskeflåten på vent og gamle sjøhus til overnatting for fiskarar er godt haldne. Autentisk miljø.

Etter ein noko forseinka lunsj ville me gå ein liten fjelltur. Utsikten blir flott fort med dei bratte liene dei har her ..IMG_0542

Den korte turen blei etter kvart utvida til å gå over alle toppar du ser i rekkja her..IMG_0548

og det er bratt opp..  og brattare enn kamerater kan fanga.IMG_0559

Grønt og fint ned.IMG_0563

Plutselige stup utfor og utsikt rett ned i havet.IMG_0575

Og det er bratt og smalt.IMG_0576

Sa eg det att det var bratt?IMG_0577

Og luftige passajar..IMG_0584

ja og så var det endå meir BRATTIMG_0593

Utsikt ned att til Stamsund som breier seg på begge sider av ryggen me går på.IMG_0595

Kva skal eg sei? bratt?IMG_0611

Luftig og smalt..IMG_0604

Glade vandrarar på toppen av Steinetind.IMG_4491

Utsikt mot Sennesvik.IMG_0598

Eit fråflytta fiskebruk i lagune, ser idyllisk ut herifra…IMG_0599

Utsikt vidare fram – me bestemmer oss for å gå den vegen ned att..IMG_0601

Så då blir det stupbratt nedover.IMG_0628

Og oppoverIMG_0630

Og nedatt…IMG_0632

Opp att og endå ein tind er tilbakelagt IMG_0633

Endå fleire å ta av- kor går vegen tru?IMG_0635

Ned i dumpa mellom to- så ber det opp att.IMG_0637

Framleis luftig ja.IMG_0641

Nedover igjen IMG_0646

Og rett utfor herIMG_0648

Bortetter BRATTE lierIMG_0649

Me anar slutten her..IMG_0652

YES!!! Ingen fleire opp og ned, no er det berre lia ned. IMG_0658

Fire timar på tur med for lite vatn og ingen niste, men like blide 🙂 Det var spektakulert, flott tur!

Godt å kome i Cirkeline å dusje og få vegetartaco i dag 🙂

Varmt i Henningsvær

Våkna opp til blikkstille og blå himmel!IMG_0485

Perfekt dag til å gå på Festvågtind. Her er det bratt opp!IMG_0489

Pause ved eit vatn på veg opp.

Utsikten blir betre og betre!IMG_0490

Men enno er det nokon bratte, varme  meter igjen før toppen!IMG_0491

Alt betalar seg vel oppe ! Me får nyta utsikten ned til Henningsvær aleine ei heil stund, men så kjem det mengder med folk pustande og pesande oppetter..IMG_0492

Utsikt mot Stamsund og Ballstad. Heilt stille på toppen i dag!IMG_0502

Nede i Henningsvær får me velfortjent lunsj på Lofotmat.IMG_0505

Me fekk sitte på takterrassen og nyta dei beste blåskjell me har ete. Flott service og super mat her, anbefalast 🙂IMG_0508

Her fekk og Eilev endeleg kjøpe den kaviaren han har snakka om sidan me var her og kjøpte i 2014! Laga lokalt av Lofotmat.IMG_2781

I båthavna var det ein nabo som underheld i timevis med musikk frå forskjellige sjangrer på stereoen, innimellom så supplerte han med gitarlyder som minna om stemming og song som var på nivå med Eilert Pilarn. Underhaldande ja…3G1A2649

Me rusla ein tur her- det meste dreier seg om fisk – turistar og fisk..IMG_0518

Attende i båten så hadde den lokale Eilert Pilarn avslutta dagens konsert og roen hadde senka seg.IMG_0513

Perfekt dag i Henningsvær !

Svolvær til Henningsvær

Slow start på dagen – div reparasjonar og handling. Ein kjapp sykkelsigtseeing bort til Fiskarkona før avreise.IMG_0447

Her ligg Cirkeline II klar til avreise i Svolvær havn.IMG_0450

Dagens smørseglings etappe.IMG_2774

Eilev bukkar og tek av seg hatten for Vågakallen som seg hør og bør.IMG_0459

Det er svært hardt å vera seglmannskap på dagar som i dag. Noko eg trur de kan sjå ut frå bileta…

This slideshow requires JavaScript.

IMG_0483

Innsegling til Henningsvær – flott hamn innerst i vågen.IMG_0484

Velfortjent middag på «Fiskekrogen» (Flekksteinbit). Triveleg av selskap av Erik (som har hytte på Senja) og co.IMG_4481

Godt å koma inn i Cirkeline igjen – heller friskt ute i vinden her…

Sommardag i Svolvær

Sol frå skyfri himmel! Frukost ute 🙂 Handledag – her har dei både Biltema, Clas Olson, Vinmonopol og dagligvarer! Kva meir kan ein ynskja seg?IMG_2748

Etter lunsj blei det sykkel/fottur til Blåtind, batt li opp men utsikten blir magisk etter få høgdemeter.IMG_0426

Eilev så inspirert att han freista fyka litt…IMG_0430

Rikelig med snø att i fjellet her oppe, men den var fast å gå på så det gjekk greit.IMG_0432

Oppe på toppen, utsyn over alt!IMG_0435IMG_0443IMG_0441

Nektarin stopp før turen går ned att.IMG_4480

Like flott og bratt ned som opp 🙂IMG_0444IMG_0446

Vel nede i båten blei det velfortjent pastamiddag i Cirkeline II. No klevask 🙂