Ikkje internett i går – derfor gårsdagens blogg i dag.
Vi får visst aldri nok tid i Nord Norge vi to – plutseleg var «Crew Change dagen» der. Nytt mannskap, Åsne og Jarle på veg inn i flyet frå Bergen for priviligerte opplevingar i Nord.
Nesten 10 veker var unna på eit blunk, og Randi måtte heim til jobb, katten, hundepass, sikkert overfrodig hage og regn frå solskinn i nord.
Dermed blir det den andre av skipets faste mannskap som forfattar bloggen vidare. Reingjering og lufting, klart for nytt mannskap.
Åsne og Jarle på bryggja, fornøyde med å reisa frå regn og knapp sommartemperatur i Bergen til sol og fint på Liland.
Innsjekking, ein matbit, og så avgårde.
Dagens etappe.
Lukka er fin seglvind utover Ofotfjorden.
Inn mellom fjella tenkte vi oss. Papirkartet sa 22 m kraftspenn, men dei elektroniske sa 15 m. Etter ein hyggelig prat med losbåten, som og meinte 15m, var vi nesten framme og skilta ved spennet avgjorde saka – 15 m høyspent prøver me oss ikkje på. Vi måtte mao gå rundt Barøya for å koma inn dit vi hadde tenkt oss.
Derved måtte «nød-middagen» takast i bruk allereie på fyrste strekk.
Grundt og svingete inn og påminning om at god navigasjon er alltid viktig. Godt sett opp, men heile Vestfjorden står rett inn.
Det nye mannskapet let seg imponera av solgangen, og fint gult lys seint på kveld.
Åsne henta opp ein fin sei like før ankring.
Ingenting er som å liggja på svai når plassen er den rette og roen har senka seg :-). Vallebukta i Efjord.