Flott å vakna opp slik:
Ikkje lett å redda prinsessa ut av fjellet over ankerbukta.
Me ville sjå om me såg nasjonalfjellet frå Efjorden, og snudde nasa innover. Undervegs fann me dette berget som me aldri har sett maken til. Eit langt svaberg frå fjordnivå og langt til fjells. Folk på tur oppover berg»sletta» kunne me sjå i kikkert. Eit verkeleg underleg syn. Fekk lyst å prøva denne autostradaen til fjells, men den var litt utanfor rekkevidde for oss denne gongen.
Vanskeleg straum under ei bru hindra oss i få sjå nasjonalfjellet frå denne fjorden, men det var spektakulære fjell i mengder som spela seg i blikk stille fjord.
Vanskelg å formidla dette fasinerande synet, men fonna under fjellet sveitta i varmen og strimene med vatn under gjorde fjellet under om til reine sylvberget i sola.
Badestrender utan like, det er vel kanskje temperaturen som manglar litt, men mange går friskt uti likevel.
Stedvis berre 1,5-2 m vatn under kjølen, så det er fint med ein vegvisar her og der.
Ute av Efjorden kom majesteten til syne, utvilsomt det rette nasjonalfjellet. Randi og eg var opp på (Halls fortopp), «platået» rett bak i 2014 .
Tranøy har fantastisk flotte svaberg…..
…som også gjev verkeleg spennande utstillingsmogelegheiter. Denne gongen var også utstillinga på plass.
Blei ikkje handel denne gongen, men veldig artig satsing.
Mange gjestande båtar til havn på Tranøy i natt.
Skulle tru Michelangelo har hatt eit ord med i kveldsstemninga.