16 juli.
Toalett under brua – smart – fjernar alle problem med toalett i båt 😉
Så var det Fløya i Svolvær sin tur. Den slitne stien har fått eit stykke sherpa-trapper, men mykje gjenstår. Varmt frå start.
Ikkje akkurat einsemd oppover til denne toppen:
Jo «Frosken» held stand på ryggen
Åsne og Jarle på Djevelporten. Gispande og betenkt kø. Skal/skal ikkje – rykk eit steg fram i køen – for så å gå bakerst for å tenkja deg om om du verkeleg vil dette.
Innsats gjev styrke – armhevingar på kanten av det tilrådelege.
«Styggen på ryggen»
Utsikten er ubetaleleg – flott by.
Luftig over toppen på egga fram mot Fløya.
Fløya rett over byen.
Vi gjekk ned på framsida mot Geita. Veldig bratt. Greit for det meste, men sliten sti og derav ikkje så godt grep, gjorde dette til ei heller krevande nedstigning.
Fint i sola. men rimeleg bratt nedover. Heldigvis tørt og fint.
Godt besøk på Geita – lang kø under for å koma opp. Nedanfrå kunne me sjå folk på toppen frå tidleg til seint.
Pause i solveggen for å sjå på klatrarane og kvila bremsane litt.
Med alle vel nede att, var det tid for dusj og middag på Børsen. Her møtte me att SY Ananda, som var her for å feira 50-års dag. Veldig hyggelig møte med dei 🙂
Me fekk straks ein fjerde gjest til bords – rimeleg påholden på sin plass på rekkverket.
Marinert tørrfisk for to …
..og kvalbiff for ein. Veldig godt.
Koseleg kveld og avslapping av slitne «bremseband».
Tilbake i Cirkeline II hadde me blitt heilt «mura» inn av båtar, men alle hyggelege folk som var innstilte på å forhala til vår avgang sørover 10:00 i morgon.