17 juli.
Båtfolket som hadde «mura» oss inne var på pletten blide og opplagte, og me kom avgarde som planlagt. Fyrste post var bunkring. Etter som me no fører ein intens krig mot dieseldyr, er fylling blitt ein omfattande prosess med tilsetting og filtrering (me tek ikkje detaljane her).
Fiskarkona syns det var surt i veret, men me tolka det som at ho vinka oss vel avgarde.
Dagens etappe – ikkje så lang, for Henningsvær må ein innom.
Kabelvåg virka ikkje så freistande i dag.
Mange båtar også i Henningsvær, og stadig nye som leita etter plass.
For 50 kr til ei hyggeleg dame fekk me oss plass ved ei fastbryggje. Cirkeline II blei rigga for å skli opp og ned dei 2,5 metrane som tidevatnet er her.
Vi har ikkje hatt mykje av dette på turen, men i dag var det faktisk vanleg vestlands-regnver,…
..og heile flåten låg inne.
Ut å sjå på byen. Det var nesten slutt på Lofotkaviaren, og vi måtte til Lofotmat for å få meir.
Jarle fann seg ein ny håv som han ville handla med seg heim, men det var ikkje plass….
Fullt på alt av restaurantar, men på Fiskekrogen lurte dei oss inn i andre bordsetting. Me fekk samme supertrivelege serveringsdame som sist, ho hugsa oss :-).
Forrettar – kval-carpatio for to og torsketunger for ein,
etterfulgt av kveite for to og blåskjell for ein. Alt kjempegodt.
Gode og mette, lovande utsikter for morgondagen..