18. juli.
Då var det takk for oss i Henningsvær og me reiser vidare sørover.
Flott seilas utetter.
«Watching you» – fjellet har kontroll på innseglinga til Nusfjord.
Statsbesøk i Reine i dag – Christian Radich.
Landskapet i Reine er berre fantastisk, men …
…. vi ville til Sørvågen, og fekk plass innerst i hamna.
Fiskehistorie bortetter med rorbuene som tak.
Åsne og Jarle prøvde seg på ferskvannsfiske på kvelden, men det blei med nesten, …
….så då blei det kveldsmiddag på Maren Anna.
Torsketunger med lakserogn, kval tataki, seifilet, lokale ostar og vaffelkake churros – alt med høvande vinar til. Alt veldig bra, tydeleg at dei har kokkar (norsk, finsk og ein østen-inspirert engelskmann) som bryr seg med det dei lagar, og hyggelig servering 🙂 (bildeserie).
I det vi starta på desserten, kom det plutseleg mykje folk inn, gitarar fram og borda dregne saman til langbord. Her skjedde det mykje på ein gong, og vi fekk ta del i oppstarten av «heimkomardagen». No var kvelden over for turistane, no var det lokale og heimattkomne sin tur. Lokale artistar stod i kø, allsongen ljoma og stemninga høg då i vi rusla frå lokalet.
Endå ein kjempeflott dag.