19. juli.
Me leigde ikkje bil, men tok bussen:
Varmt og fint – omkledning ved start på trappa.
Åsne ville ikkje telja trinn, men dei står noterte i trappa.
Litt av eit byggverk, men heilt nødvendig pga utsliten gamal stil og fare for å løysa ut stein.
Utsikten er kjem seg med trinna ein legg bak seg.
Oppe og nøydde med innsatsen.
Kjempeflott dag, under oss la Christian Radich ut Vestfjorden.
Same interesse av spektakulære syn.
Reinebringen byr på fantastisk utsikt, ei av det mest kjende i Norge..
Dette er vel plassen sin for «selfie»
Også nede att blir ein «bergteken» av dette landskapet.
Åsne og Jarle sykla ein tur til Å, som også er ein veldig flott lita grend, og eit museum over fortida her.
Fin og varm kveld og roleg Vestfjord, me fann ut at me ville nyta kveldsstemninga utover mot Værøy, så då blei det avreise frå lune Sørvågen.
Moskenesstraumen er ein svært gode fiskeplass, og Åsne og Jarle ville prøva. Etter ein fin sei og ein liten til blei fiskemottaket stengt på grunn av begrensa omsetning.
Med moderate forhold i Moskenesstraumen, var det freistande å undersøkja uthamna ytterst på Lofotodden (Buvågen) rett inn frå straumen. Her er det nok rikeleg med ver til tider, og det er vanskeleg å førestella seg at det har vore fast busetnad her. Med sterk straum og sjøbrot både her og der, er dette heilt klart ikkje ein plass ein prøver seg på i anna enn godver.
To små buer fanns det likevel her inne.
Vel ute att vart det jordbær med fløyte som nattmat til Værøy.
Flott solnedgang
Slutt på midnattsola for i år.
Åsne speidar ut i sommarnatta.
Mange gjester inne også på Værøy, men me fann plass 🙂