25. juli.
Med brukbare meldingar valde me i går å utsetja turen til fantasi-øya Sanna i dag, det innfridde ikkje heilt – skodde og regn.
Likevel – landskapet er heilt trolsk her. Noko kunne me sjå, fantasien måtte stå for resten.
Forsvaret «lånte» oss kaien sin ei lita stund, så Åsne og Jarle fekk oppleva Kirkhellaren der Træna festivalen har scena si.
Grottevandrar på retur til basen.
I 2014 var det berre to brør som var fastbuende, no var det tre (auke på 50%) – den eine hadde gifta seg. Husa i grenda vert godt vedlikehaldne – kjekt å sjå.
Eg bur oppunder fjell…og eg svik ho ikkje hell..
Ingen solnedgang, men elgen heldt stand og ynskte oss vel avgarde.
Dagens etappe Træna til Sleneset.
I serien «god navigasjon er viktig» – ellers kjem gribben å tek deg.
Me legg mystiske og karakteristiske Træna bak oss.
Ein kopp kaffi er fint undervegs.
Me har lese oss opp på sagaen om Vågakallen, Sulitjelmakongen, Hestmannen, dei sju systemene, Skarsfjellgubben med hatten og Lekamøya. No var det etter planen vår Hestmanen som stod for tur, men nei han hadde trekt skoddehatten godt ned over øyrene, for vått og ingenting å sjå.
Derfor direkte vidare til dagens endestopp Sleneset, der me var så heldige at ein gav oss plassen sin, og me fekk siste ledige plass 🙂
Dinner in the making – triveleg ombord.