28. juli
Me har funne ut at Kristiansund må vera målet for Åsne sin norgesferie, derfor lang etappe i dag:
Trivelege Brønnøysund flagga oss vel avgårde, alle var einige om at det i dag skulle vera god bør frå perfekt retning.
Pila gjennom hatten er det ingenting att av lenger, men holet er der enno, og sjølv om Lekamøya slapp unna feilrekna dei tida, og ho blei til stein lenger sør.
Leka – Norges geologiske nasjonalmonument – høyrer eigentleg til det amerikanske kontinent og er eit snitt gjennom heile jordskorpa heilt inn til mantelen. Derfor heilt unik natur her, med assosiasjoner til andre stader på kloden.
Perfekt seilas – det går friskt unna.
I innløpet mot Rørvik kom det eit smell og fokka begynte å flagra kraftig. Kraftig vind, trangt og trafikkert område, så den måtte ned straks. Fallet var roke, og wire og tau rasa ned og ut i sjøen på sida av båten. Heldigvis fekk vi det ikkje i propellen. Åsne var kjapt ute å berga segl som ville til havs.
Ingen fokk – tid for «kva gjer vi no» – me valde å gå inn til Rørvik for tenkje-stopp.
Varmt og fint med triveleg miljø for fuglane.
Me lånte betenkningskai av Redningsselskapet. Me har bra med tauverk med, men alt var for kort til provisorisk fall. Nytt blei bestilt for rask levering heime, slik at nestemann på manskapslista kan ta det med. Mao fokk som dekkslast på dei neste etappane.
Kom igjen ta i her – kor er seglsekken ?
Relativt mykje vind, men me bestemte oss for å halda til fastsett plan, og valde å gå vidare til Sør-Gjeslingan. Me møtte forsvaret i det me la ut.
Denne ubåten har me sett før, men no treng den å koma på slipp for reingjering og nytt bunnstoff.
Kveldsstemning undervegs.
Der ute ligg målet for i dag.
Vel i hamn, men på vei inn tok vinden ein fender som måtte leggjast til på taps-lista.
Åsne gjekk kveldssøk langs berga, men ingen fender å finna. Oppsummering av dagen med flott seglas og tap av utstyr, ingenting uerstatteleg. Tid for litt søvn.