29. juli.
Sør-Gjeslingan er ein sjarmerande stad. Ufattelige 5000 fiskarar budde her i sesongen. Denne har vi ikkje sett før, fiskehjell som «tak» over vegen.
(ha på lyd)
Trangt løp inn og ut her.
Ready to go.
På veg ut fann vi den bortkomne fenderen på ei lita øy. Vi klarte akkurat å landsetja Åsne for å henta den, stor gjensynsglede.
Marintraffic klarte ikkje heilt å fylja med bevegelsane våre i dag, men havstrekk var det i alle fall.
Sunn og god lunsj i det blå.
Ingen fokk, men fint genaker-føre kompenserte godt.
Ofte flotte lysstemningar på havet.
I kveldinga blir me helsa velkomne inn på Halten (lyd).
Halten er også ein veldig artig plass å koma til…
…og dei har solur…
…og replika av gamal fiskarbu.
Bygget på kaien har stort forsamlingslokale, og er ein artig og innholdsrik samlingsstad.
Klart for skrøner.
Frå sjøen ser Halten ut som berre snaue berg, men inne i havna er det mange idyllar.
Langdistanse med flott avslutning.