Hyggeleg familie i nabobåt hadde ikkje sett nede i ein seglbåt før, og fekk ei kjapp omvisning i Cirkeline II før frukost på byn. Når dei kom tilbake hadde kona ombord (brasiliansk) med seg flott «brasiliansk-inspirert bygodt» til meg. Snadder 🙂
Nytt mannskap Olemann mønstra på for siste etappe, kamerat og erfaren seglar.
Han hadde med vidundermiddelet – hesjastreng. Nyinnkjøpt sterk magnet på den gjorde jobben – trekkelina kom ut der den skulle, og nytt fall på plass i ein fei. Slutt på wire i fall.
Fokka på plass igjen.
Men no når alt var klart var meldingane dårlege – regn og kraftig vind imot. Spørsmålet var kvar vi skulle «blåsa fast» – valget blei Kristiansund.
Vått og grått.
Båtane ligg inne og roen har senka seg.
Utrolig kjekt å få møte og få guida desse to hardangerkarane i nesten to dagar.
Indisk smaka godt i godt lag!
I dag til Innlandet dvs Tahiti. Fikk historie fra kjentmann i Spanskesmuget om byens gamle sentrum som var der i ca 1750. Lunsj Fishan på Dødeladen smakte ja😉 Trivelig besøk til By’n Oss 💕 God tur vidare Eilev og Olemann❣
Tusen takk Annfri-Marie, Dette seier du, men det var jo me som var det heldige som fekk deg til å visa oss rundt 🙂 Veldig kjekke dagar .