Etter nesten tre veker ombord var det Åsne sin tur til mønstra av. Nydeleg ver i Kristiansund var sjølvsagt litt ille å reisa frå, til gråare Bergen og ferieslutt.
Nytt fall var bestilt og var meldt framkomen til post-i-butikk Coop i byen. Eg viste hente-sms i skranken, men der var pakken allerede levert ut i går !! Heller uventa vri som passa riktig dårleg. Henta ut? av kven? – Katrine. Eg kjende ingen som kvalifiserte til det. Etter ringing og mykje att og fram, viste det seg at at ei frå Coop hadde kvittert og henta pakken ut som vare til butikken. Derved dukka den opp likevel, livet betydeleg enklare, pakken i handa.
Strøken soldag i Kristiansund. Heldigvis er det mindre å halda styr på i Cirkeline II, men imponerande skute «Ideal».
Nokon har fått pakke og kan feira.
Så lenge var Adam i paradis – trekkelina som Åsne la inn i masta var ikkje å få tak i og ikkje å sjå. Ny runde. Etter prøving og feiling og ny fintenking fekk eg plutseleg sjå ein flik av knuten på lina. Me hadde vore smarte nok til å festa nokre magnetiske ringar på lina. Magnetar mangla – fint å ha sykler ombord – ClasOhlson hadde det som skulle til. No var det berre å venta på nytt mannskap med ein bite hesjastreng som pirkeverktøy/magnethaldar. Tid for reingjering og rydding ombord.
Sol-laurdag i hamna, mange båtar, trivelege gjester og riktig livat stemning.