Titran er ein koselig plass. Nokon husvære har staselege dimensjonar. Kafeen var dessverre stengt.
Oppdelt av lune «fjordarmar» både her og der.
Her ute mot havet kan det stå hardt på, men det manglar ikkje på hjartelag.
Eit flott naust har likevel falle utanfor omtanke.
Dagens reiserute.
Kvalane har vi sett lite av på denne turen, men på veg inn til Veiholmen dukka denne/desse opp :-). Men den/dei var tydelegvis på oppdrag og blei borte.
Går ein inn til Veiholmen frå nord skal ein ha tunga beint i munnen, utkikk er bra.
Me hadde bruk for å handla litt, og klarte akkurat å få plass (masta). Veldig triveleg miljø.
Vidare og undervegs Cirkeline II vegetartaco – denne gongen med kylling .-)
Smøla frå sørsida…vel, etter som ein ser det.
Vi fekk med oss fantastisk flott jordbær frå Veiholmen – sommar.
Grip er fantastisk flott og artig, men planen var å gå forbi denne gongen. Havneplassen er avgrensa og det låg båtar inne kunne me sjå.
Så var det å få orden på det manglande fokkefallet. Åsne melde seg til å tre i trekkeline for nytt fall frå mastetoppen. Greit med litt klatretrening.
Få trekkelina inn i masta gjekk greit, men å få den ut der den skulle var verre. Ingenting å sjå der inne… me kom til at me måtte sova litt på det.
Uansett det var tid for middag på koselige Smia. (Bygningen er frå 1786, og hola i veggen er frå at smeden testa ut skjerpinga av navarane i veggen.)
Fin, solrik og innholdsrik dag.