Ikkje langt til ope hav herifrå.
Fint på Ona fyr, eit tett og sjarmerande lite samfunn. Elleve fastbuende no, kunne eit par naustbyggjande karar fortelja.
Rullestein godt oppe i bakken ovanom kyrkjegarden forstod me ikkje heilt. Havnivå for lenge, lenge sidan ??
Runde steinar er ikkje rett fram å byggje med, men Kyrkjegardsmuren er av det snorbeint slaget. Her er det ingen slinger i valsen.
Stasleg tun.
Kreativ snorklingsfarkost med el-drift ved hamna. Puter til å liggja på inni 🙂
Har no sett mykje båtar, men denne baugutforminga har me ikkje sett før.
Dagens etappe:
Lite å sjå langs leia vår sørover i dag, men garnblåsene dukkar stadig opp.
Sunn kost er viktig for trivsel ombord.
Luftig arbeidsplass på brusøylene som reiser seg over leia innanfor Lepsøya.
Passerar Ålesund, begynner å føla oss heime.
Vel framme i Fosnavåg, her har dei det ein treng, og trygg og god hamn.
Perfekte kvalbiffar til middag var topp.
Flåten har samla seg i Fosnavågen.