Hjelp! No er det langt heim!!
Me vakna til ein «misty morning» på Gigha.



Me tok oss i land og gjekk ein tur til den botaniske hagen her. Svært gammal og overgrodd , men dei kjempar no for å få den på stell. Mykje flott å sjå her!



Hagen er donert til kommunen, givaren har beholdt huset og noko av hagen privat.









Bambus maze


Attende i båten fekk me lunsj som me måtte laga sjølve. Det viste seg att The Boathouse i havna var fullbooka! (Viste seg å vera Michellin restaurant)
Etter alle solemerker og berekningar var det no rett tid å setje kursen for Nord Irland og Ballycastle. ikkje rare sikten dei fyrste timane, men radar og to til å sjå etter fiskeredskap , fungerte fint.


Runda Rathlin Island for å få straumen med i sundet på veg inn i Ballycastle


Kaptein Sorte Bill kom før oss😁

Cirkeline i Ballycastle havn

Dette viser seg å vera ein koselig og flott by. Ei berømt lang sandstrand . Me måtte ut å vandra .





