Solskinnsdag

Mykje støy utforbi ca 0430 i natt- måtte kikka ut og blei møtt av dette synet!

All støy tilgitt😁. Det viste seg å vera ein norsk seglbåt som kom utan mast! Den hadde bøyd seg under overfart medan dei segla- dei måtte tilkalle hjelp for å sage den av og klippe wier!! Den ligg ytterst av dei tre som ligg utan på einannan.

Det er mangen norske båtar her no, dei er med i ei gruppe som er her for å hedre Shetlandsfarerne og feire 17/5

Me bestemte oss for å ta buss til Sumburgh for å vitja Jarlshof.

Jarlshof er autentisk busetnad 4000 år gamle- og korleis det har endra seg på same plass gjennom tida heilt til ca. 1800 talet. Svært imponerande.Eilev likte seg godt i den eldste busetnaden.

Etter alle desse steinmurane måtte me ha litt nista på ein steinmur

Me la i veg og sykla mot st Ninjas isle- rett over flystripa! Måtte nett vente medan eit fly letta!

Me sykla utanom allfarveg og fann ein vei med lite biltrafikk og rein idyll heile vegen!

Etter den siste stranda her sykla me til neraste buss stopp. Kjøpte med oss obligatorisk fish and chips på vegen, som me nytte i båten.

1 thought on “Solskinnsdag

  1. Ja, las om denne båten som mista riggen i Nordsjøen. Men US Navy var tydelegvis på plass og gav dei assistanse. Blir kjekt å følgja dåke på ferda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s