Fantastisk start på dagen med strålande sol , fuglasong og ein fottur langs kanalen
Me er heilt opp i undring over alle gule buskane over alt- eg trudde det var gyvel men det meste av dei er Gulltorn. Dei blømer heile året , men mest om våren og dei luktar kokos ! Dei er visst mest ei pest og plage, men flott er det!
På veg ut i Loch Ness , me såg ikkje Nessie denne gongen heller.


Blir kjølig i den skotske vinden endå det er sol og sommar !

Urquhart castle

Fortøyd i Fort Augustus

Ei lita stund etter oss kom Tao5- Cirkeline 2 krymper litt ved sida av den! Hyggelig å møta dei igjen 😊

Det blei italiensk middag (pasta) i cokpit i dag. Etter kaffi kom me oss ut på fottur. Eg tok ikkje med kamera , kun mobil. Det var dumt- flotte motiv dukka opp…


Fasan



Det var rundt dette godset dei vandra

Me fann ein endå finare sti nedatt til båten enn den me gjekk opp!

Godmorgen
Det ser idyllisk ut!
God tur videre begge to 😘😘
For ein eventyrtur de har. Skikkelig flott. Kjekt å fylgja med på.