Siste delstrekk – frå Bakkasund til Bakkasundet.

Cabriolet i strålande ver. Avslutningsstrekket av denne fantastiske turen.3G1A3642

Me styrer mot Folgefonna.3G1A3644

Og co-piloten har teke over kontrollen.IMG_3479

Fitjar genererar straum.

Lunch til dei sjøfrande.IMG_3483

Nordøy med Ulvanos i bakgrunnen markerer at me går inn i Hardangerfjorden.3G1A3646

Kjente fjell speglar seg.3G1A3649

3G1A3650

Ingenting er betre enn inn Hardangerfjorden med ettermiddagssol inn i cockpit.3G1A3651

Siste delstrekk for denne gongen:

IMG_3485

Mange som ynskte oss velkommen heim på Bakka – veldig kjekt 🙂IMG_3487

Tilbake på Bakka i eigne fortøyingar. Takk for turen 🙂IMG_3492

 

Frå Fedje langs vestsida av Øygarden til Bakkasund.

Dette blir «videosnuttutgåva» – frisk vind og trange løp nedover på utsida av Øygarden. Og sol, berre sol.3G1A3619

Dagens «track»:IMG_3475 2

Kunne tidvis berre ein liten segl-flik oppe for trygg navigasjon i dei trange løpa nedover.3G1A3620

Her står idyllane i kø. Bergen har fantastiske omgjevnader, og ikkje langt unna byen.3G1A3622

3G1A3624

Folk på sundagstur for å sjå utover havet. Her på Storodden må det vera spektakulært nå havet verkeleg står på.3G1A3627

Flagget vaiar fint, solbleika men bra heilt enno.  Me har ein fantastisk flott kyst både her og nordover.3G1A3629

Sol over svaberga. Etterkvart 11-12 m/s vind.3G1A3633

Sølvhav, vinden byrjar å gjera seg gjeldande.3G1A3637

Vel framme i Bakkasund. Klare for siste strekk i morgon.

 

Florø til Fedje.

Regntung og sur morgon i Florø, med betring i vente utsette me avgangen litt.3G1A3588

Dagens etappe.IMG_3459

Lite plass til potetdyrking på Stabben fyr.3G1A3589

Etter kort tid blei det flott segler nedover.3G1A3592

Alden i sikte,…3G1A3594

Og deretter «nukane» på Værlandet.3G1A3599

Den nye styrmannen fann at det var bra med siesta i sola på fordekket.3G1A3601

3G1A3603

Waypoints langs ruta.IMG_3457

Etter å ha vore innom Indrevær går det mot kveld og …..3G1A3606

….. førebuing av undervegsmiddag, i sidesjø nedover mot Fedje.

Cruiseskipsfaten i solnedgang, den stakk av med siste bit av sola.3G1A36143G1A3615

Me kom til Fedje i den blå timen.3G1A3617

 

 

Selje til Florø.

Dagens etappe (starta i Selje):IMG_3449

Me starta dagen med å «snusa» innom Selje kloster etter St. Sunniva.3G1A3567

I fylje historia omkom ho og ei rekkje andre i hola ovanfor klosteret.3G1A3571

Hornelen er heller taggete i kanten der den reiser seg over oss.3G1A3573

Ved Hornelen var me innom i Vingen der eit av dei største helleristningsfelta i landet ligg. Men det var forbode å gå i land. Karrige kår for det vesle bruket som ligg her.3G1A3574

Vingen.3G1A3583

Vi var innom i Dombevågen på Hovden og lurte litt på å leggja oss for anker der, men ein underleg fyr ropa og skreik frå ein haug, hadde klåre meiningar om at me burde dra ein annan stad. Dette er sjeldan kost, stort sett er det svært hyggelege og imøtekomande folk me møter. Allemannsretten er viktig, og ankringsplass  var merka i kartet. Me valde likevel å gå vidare til Florø.

Fiskarguten i Florø held stand sjølv om det regnar litt.IMG_3450

Fosnavåg til Selje.

06. august.

Så var det Stadt sin tur. Ein annan båt «Galadriel», ynskte å slå fylje over strekket.3G1A3540

Rolege forhold og mange båtar på tur rundt Stadt i dag. Tildels brukbar seglvind, men uheldigvis rett mot.3G1A3545

Harde knausar på Stadt, men sjøen er ein tålmodig arbeidsmaur som over tid slit hol og sprekker i fasaden.3G1A3547

Hovden ved Ervik – litt av ei utsikt frå huset i synsranda når det står på.3G1A35483G1A3552

To store jagar ein liten3G1A3553

Langt ute på sørsida av Stadtlandet. Både mot og innsatsvilje har nok vore nødvendig for å etablera seg her.3G1A3555

Konturane av Selja kloster, her vil me sjå om me ikkje kan koma nærare i morgon.3G1A3556

Snøen som lava ned her sist er no borte – stille og fint i Selje i kveld:

This slideshow requires JavaScript.

Cirkeline II innerst i det nye havneanlegget.3G1A3566

 

Ona til Fosnavåg.

Ikkje langt til ope hav herifrå.3G1A3525

IMG_3420

Fint på Ona fyr, eit tett og sjarmerande lite samfunn. Elleve fastbuende no, kunne eit par naustbyggjande karar fortelja.IMG_34243G1A3528

Rullestein godt oppe i bakken ovanom kyrkjegarden forstod me ikkje heilt. Havnivå for lenge, lenge sidan ??3G1A3526

Runde steinar er ikkje rett fram å byggje med, men Kyrkjegardsmuren er av det snorbeint slaget. Her er det ingen slinger i valsen.3G1A3527

IMG_3422

Stasleg tun.IMG_3423

Kreativ snorklingsfarkost med el-drift ved hamna. Puter til å liggja på inni 🙂IMG_3421

Har no sett mykje båtar, men denne baugutforminga har me ikkje sett før.IMG_3425

Dagens etappe:IMG_3442

Lite å sjå langs leia vår sørover i dag, men garnblåsene dukkar stadig opp.3G1A3529

Sunn kost er viktig for trivsel ombord.3G1A3531

Luftig arbeidsplass på brusøylene som reiser seg over leia innanfor Lepsøya.3G1A3532

Passerar Ålesund, begynner å føla oss heime.3G1A35343G1A3535

Vel framme i Fosnavåg, her har dei det ein treng, og trygg og god hamn.3G1A3539

Perfekte kvalbiffar til middag var topp.IMG_3440

Flåten har samla seg i Fosnavågen.

IMG_3438

Sight-seeing i Kristiansund, og vidare til Ona.

04. august.

Lysare utsikter men enno litt tid for sight-seeing Kristiansund før avreise.

Ikkje alle har sett YouTube «The perfect cleat hitch» ser vi langs kai-kantane, men denne må likevel  «vera noko nytt dei har begynt med».IMG_3386

Annfri forstår seg både på hardingar og møringar, og er den perfekte Kristiansund-guide.IMG_3388

Ho kan fortelja om slit og velstand, arkitektur og hagemiljø, om det grøne huset som held stand i kampen mot hotellutbygging og mykje anna.

This slideshow requires JavaScript.

…her i godt musikarlag….IMG_3402

…og den langveisfarende finn seg vel tilrette.IMG_3427

Fishan til lunsj – (Kristiansundengelsk?) – riktig bra. IMG_3403

Hus tett i tett, og mykje artig i vindaugene – Beatles har stilt opp.IMG_3394

Ja forestill deg kva dei kan beretta:IMG_3404

….og Fride Brynhild har feira 90-årsdagen under vatn:IMG_3398

Den omreisande har fått mange innrykk som må bearbeidast, og har blitt litt oppteken av dekks-strukturen.IMG_3431

Så, takk for oss Kristiansund, og vidare sørover.IMG_3408

Lysstemningane på havet sluttar aldri å fasinera.3G1A3515

…etter kvart lysere.3G1A3521

3G1A3516

og så mot natt.3G1A3519

Halvmørkt på «brua» inn mot Ona fyr.3G1A3523

Kristiansund dag 3 – ventar på Hustadvika-ver.

Alt klart for å dra vidare, men veret seier ny ventedag (Cirkeline II mast mot den gule bygninga).IMG_3369

Indisk lunsj med Annfri, kjekt møte 🙂IMG_3368

Dei klart grønaste scampi eg har fått servert, men ikkje umodne – gode var dei.IMG_3366 (1)

God tid til vandring i Kristiansund sitt historiske verfts/slipp-miljø.IMG_3376

IMG_3382

Pynta for fest.IMG_3370IMG_3371IMG_3375

Historie under tak.IMG_3380

«Kranfører søkes» ….. peiling på elektroniske styringer ikke kravIMG_3384

Kaffi og ostekake+ på Kranaskjæret.IMG_3385

Slik går no dagan…3G1A3512

Mest truleg ny ver-vente-dag i morgon.

 

Kristiansund dag 2.

Hyggeleg familie i nabobåt hadde ikkje sett nede i ein seglbåt før, og fekk ei kjapp omvisning i Cirkeline II før frukost på byn. Når dei kom tilbake hadde kona ombord (brasiliansk) med seg flott «brasiliansk-inspirert bygodt» til meg. Snadder 🙂IMG_3354

Nytt mannskap Olemann mønstra på for siste etappe, kamerat og erfaren seglar.IMG_3362

Han hadde med vidundermiddelet – hesjastreng. Nyinnkjøpt sterk magnet på den gjorde jobben – trekkelina kom ut der den skulle, og nytt fall på plass i ein fei. Slutt på wire i fall.IMG_3356

Fokka på plass igjen.IMG_3358

Men no når alt var klart var meldingane dårlege – regn og kraftig vind imot. Spørsmålet var kvar vi skulle «blåsa fast» – valget blei Kristiansund.IMG_3359

Vått og grått.3G1A3509

3G1A3510

3G1A3511

Båtane ligg inne og roen har senka seg.

Sol-laurdag med forviklingar i Kristiansund.

Etter nesten tre veker ombord var det Åsne sin tur til mønstra av. Nydeleg ver i Kristiansund var sjølvsagt litt ille å reisa frå, til gråare Bergen og ferieslutt.

Nytt fall var bestilt og var meldt framkomen til post-i-butikk Coop i byen. Eg viste hente-sms i skranken, men der var pakken allerede levert ut i går !! Heller uventa vri som passa riktig dårleg. Henta ut? av kven? – Katrine. Eg kjende ingen som kvalifiserte til det. Etter ringing og mykje att og fram, viste det seg at at ei frå Coop hadde kvittert og henta pakken ut som vare til butikken. Derved dukka den opp likevel, livet betydeleg enklare, pakken i handa.IMG_3344

Strøken soldag i Kristiansund. Heldigvis er det mindre å halda styr på i Cirkeline II, men imponerande skute «Ideal».IMG_3350

Nokon har fått pakke og kan feira.IMG_3351

Så lenge var Adam i paradis – trekkelina som Åsne la inn i masta var ikkje å få tak i og ikkje å sjå. Ny runde. Etter prøving og feiling og ny fintenking fekk eg plutseleg sjå ein flik av knuten på lina. Me hadde vore smarte nok til å festa nokre magnetiske ringar på lina. Magnetar  mangla – fint å ha sykler ombord – ClasOhlson hadde det som skulle til. No var det berre å venta på nytt mannskap med ein bite hesjastreng som pirkeverktøy/magnethaldar. Tid for reingjering og rydding ombord.

Sol-laurdag i hamna, mange båtar, trivelege gjester og riktig livat stemning.