Shopping og sightseeing på sykkel i Harstad.

I dag har det vore over 20 grader og sol ! Me har vore på shopping , leita rundt etter div., ikkje rett fram å finne ut kor dei har det me trengte 🙂 Klesvask i ei heller forhistorisk maskin, men reint blei det.

Fann ut dei hadde noko som heiter «Stien langs sjøen».  Me sykla avgårde og enda opp ved middelalderkyrkja på Trondeneset. Her er og minnesmerke etter fangeleiren med russiske krigsfangar som tyskarane nytta som slavearbeider her under 2. verdenskrig – uråd å forstå i dag.IMG_4851

Svært flott tursti, bygt på dugnad, langs sjøen. Me møtte mange som var ute og nytte sola!IMG_4883

Me hadde bestemt oss for å ete på restaurant her, ikkje lett det heller. 1. og 2. valg var fullt. 3. valg var coronastengt. Så fekk me bord på ein pub, det gjekk ei stund før me forstod att alt me skulle ha måtte me bestilla ved bardisken… så var dei tom for blåskjella me ville ha, men dei hadde ragu- så då fekk me det 🙂  Blei bra til slutt 🙂

Fottur på Andørja, og til Harstad etterpå

Alternativ dekor på boss-spannet nokon? Slepp bossdunken i sjøen ei tid – fisk den opp att – fiks ferdig 🙂IMG_2111

I dag sykla me eit stykke inn langs Straumbotnfjorden og fann stien til Kråktindan.IMG_2114

Første topp heiter Middagstinden, du kan sjå Vasskartindenden til venstre og målet vårt Indre Kråktinden heilt til høgre.IMG_2128

Flott å gå på eggen med utsikt til begge sider heile vegen (som var lang, 8,2 km ein veg).DSC04465

Her har me vore før! Dvs. på fjellet i bakgrunnen til venstre for Eilev – Stortinden.IMG_2154

Rett før toppen vart det litt ur og klyving.DSC04468

Like før no! Åtinden rett bak, med juv mellom Indre Kråktinden og denne.IMG_2145

På toppen 1008 moh.DSC04475

Me var her! Einaste fotturister til Kråktinden i dag.IMG_4837

Ein fotograf i arbeid 🙂IMG_2148

Perfekt stein til å nyte nista på, stillt og fint.IMG_2157

Så er det same lange vegen nedatt.IMG_2143

Nede i skogen. Her fekk me selskap av ca 50 fluger kvar !! – dei surra rundt hovudet og inn i øyrer auger  osb…IMG_2180

Skulle gjerne vore her når moltene modnar. Fleire myrer med kolosalt med blom og små knytingar.IMG_2185

Attende i moderskipet – etter ein dusj så blei det pannekaker med grønnsaker til middag, og ei pannekake med lønnesirup til dessert 😉IMG_4846

Me bestemte oss for å gå til Harstad etterpå.IMG_3033

På veg såg me att det er ute i havet sola har fritt spelerom.IMG_2186

Harstad – urbant i morgon.IMG_2197

Frå Sandsøy via Lundenes til Engenes på Andørja

Me starta dagen med sykkeltur på Sandsøy. Gjekk fint å sykla på turstien.IMG_2071

Flotte rullesteinstrender i nordenden.IMG_2074

På enden av turvegen fann me ei myr med mykje moltekart, 14 dagar til så kunne me ha plukka…IMG_2075

Cirkeline II i havna på Sandsøy.IMG_2084

Dagens etappe, me handla og gjekk rundt i eit museums-tun på Lundenes. De var kun ope på laurdagar nokre timar dessverre..IMG_3029

Flotte og varierande lys stemningar i dag. Her ut mot Andenes og havet.IMG_2091

Mot RollaIMG_2096

Mot Dyrøy.IMG_2107

Middagen med kald avkokt småsei smakte fortreffeleg.IMG_4819

Livet er ikkje så verst 🙂IMG_3024

Kveldsstemning ut mot Andenes.IMG_4828

Frå Grovfjord til Sandsøy

Første del av dagens etappe frå Grovfjord kom ikkje med, men ellers er dette dagens etappe.IMG_3015

Me starta dagen med å sjå etter Hvladimir, han skuffa ikkje! Kom bort å helsa på oss, var plutselig under båten og kom så opp på sida før han for sin kos. Flott å sjå han! Han har ei flenge på ryggen, men veterinæren seier det går bra, det vil gro fint.

This slideshow requires JavaScript.

Bebyggelse på Sørrollnes.3G1A2925

Sørrollnes, magisk og blank fjord i dag!IMG_2034

Stortind sett frå den sida me gjekk opp.IMG_2049

Her på Sandsøy er det kyrne som badar og solar seg på stranda 🙂3G1A2943

På veg inn i havn.IMG_2056

Me fiska småsei til middag i dag, kjempegodt steikt med løk og gulrot 🙂IMG_2057

Regnbogen på blå himmel, må vel tyda att alt er bra allerede?IMG_2062

Velværet breidde seg iallfall ombord 🙂IMG_2065

No har me hatt ein hyggelig prat med paret ombord i Ananda, og plutseleg var det over i neste dag!

Frå Tennevoll til Grovfjord

Som de ser, her ligg det myke snø att i fjellet og det blei ikkje noko av fjellturen her. For mykje snø og skodde på toppane, så då blir det ingen utsikt.DSC04454

Me gjekk ein tur på land og handla litt, så gjekk me vidare.DSC04463

La til kai her i Grovfjord i historisk maritime omgivelsar.IMG_3011

Entrecote til middag med superb vin 🙂IMG_3013

Dessert og portvin, så kaffi og brownies! Musikk quiz på spotify 🙂  IMG_4813

Er glad for att det er Eilev som tek oppvasken… eg smuget sjokoladerosiner og bloggar..:)

Livet er bra 🙂

Fottur til Stortinden på Rolla i Ibestad.

Dette skal få vera den flotteste fjellturen me har vore på nokon gong. Starta med sykkeltur oppetter ein skogsveg til Ibestadvatnet. Så fortsette det i slik skog.IMG_1860

Ute av skogen så blir det brattare…DSC04424

IMG_1865

Me møtte denne reinflokken her på denne fonna. Dei kjende ikkje lukten av oss så dei tok det heile med ro.IMG_1892

Etter kvart hadde me dei på 10m hald…IMG_1897

men då blei det meire fart på dei…

IMG_1902

Så måtte dei stoppa å sjå på oss, om verkeleg var noko å bry seg med?IMG_1907

Utsikten blir flottere til høgre me kjem.

IMG_1918

IMG_1916

Eilev har funnet døra til trollet i berget det blå, han banka på, men fekk ikkje koma inn.IMG_1925

IMG_1934DSC04440

Mykje flotte blomar i lia bortetter heile vegen.IMG_1938IMG_1941DSC04444

Rett før toppen blei det noko meir stein.

Stilt og varmt og fint på toppen, 1021 moh..IMG_1957Perfekt plass til å eta nista på.DSC04448

Dagens selfie…DSC04451

Så går vegen ned att, her utsikt mot Senja.IMG_1965

Grønne lier med flott blomstring og flott sti å gå på.IMG_1971IMG_1972

Nede i Cirkeline II att starta me hesten og laga middag under vegs. Me trur me møtte ein fuglekongress eller noko, såg ikkje ut til att alle var på matauk, men låg i vegen for dei som var…IMG_2004

Me hadde lyst å sjå litt korleis det ser ut inne i fjordane, og stima inn Lavangen til Tennevoll.

 

Risøyhamn til Hamnvik

Havna i Risøyhamn.IMG_1816

Her har dei eit bygdetunmuseum med samling av gamle nordlandshus.IMG_1818

IMG_1824

IMG_1825

Her var eit tun til med flotte hus, men me var noko usikre på om det var privat eller ein del av museet, så me sto ved grinda og strekte hals…IMG_1830

Gamlebutikken stod att på kaien, her var ikkje ope på sundagar, men Eilev fekk allikevel oversikt over kva me kunne kjøpt om det hadde vore mandag.IMG_1831

Dagens etappe.  Me såg nokre niser i Andsfjorden, og så trudde me att me såg spekkhogger lenger ute og sette kursen dit, men det var nok falsk alarm. Ingen kvalar i dag heller..IMG_2994

Stortinden og Rolla, me vil prøva oss opp på Stortinden i morgon.IMG_1840

Eit kjempeflott bygdetun her på Hamnvik, tilsynelatande med alle bygningar på plass!IMG_1843

I går Bjarkøy-Grøtavær med padling på Helløya. I dag padling på Grøtavær og videre til Sortland.

Vakna til lett regn her på Bjarkøy, sidan nedbøren her ikkje kan samanliknast med den me har heime, bestemte me oss for fjelltur.IMG_4755

Det blei ein grøn tur, mykje flott skog!IMG_4719IMG_4720IMG_2947

Ut på tur aldri sur 🙂 På toppen som heiter Stangheia.IMG_4725

Det har vore gruvedrift her, det står eit lokomotiv att aleine i skogen her…IMG_4736

Flott turveg av gamal jernbanetrase.

IMG_2951

Idyllisk her på Bjarkøy.IMG_4730

Me gjekk videre til Helløya for å padla.DSC04275

Flotte strender her, men mykje vind og straum i dag så turen blei kortare enn tenkt.DSC04284

Attende til moderskipet for å gå vidare til Grøtavær i kuling!DSC04285

Me la oss på svai ved Skipperøya i mykje vind og vakna til blikk stille!DSC04288

Supert padleføre!DSC04289

Og her er det eit verkeleg padleparadis! DSC04298

DSC04307DSC04312

Nokon har spandert skinnstolen sin for å kvila auga mot midnattsollyset og roa sinnet til bølgens sine sine uendelege slag. DSC04322

Berre nydelig i dag !!!DSC04355DSC04359DSC04367

På den eine øya kor det var lov å gå i land har dei leirskole i tipiar. Dei ville i år satse på glamping, men så kom covid 19, så då må det venta…DSC04373

Dyktige i kaos-navigasjon:

Attende til moderskipet for å gå videre til Sortland.DSC04410

Flott landskap i Vesterålen!DSC04415

Ligg no ved Torghuken i Sortland.

 

 

Frå Finnsnes til Meløyvær, og vidare til Bjarkøy

Bilen innlevert , båten fylt opp med matvarer, vatn og diesel. Me vender nasen sørover.

Det blei ettermiddag/kvelds-segling . Kan bli lange timar….

Rett før me ankra opp i Meløyvær kom det ei glipe i skylaget ute i havet og gav flott lys.3G1A2840

Vakna opp her i dette padleparadiset, drog fram kajakkar og pumpa dei opp.IMG_1784IMG_4651

 

Her kryr det av kvite strender over alt.IMG_4692Og fuglelivet er kolossalt!IMG_4714

Etter turen bestemte me oss for å gå til Bjarkøy kor Tore Hund har helde til i si tid… No regnar det og er heller kjølig , men det går over til i morgon ettermiddag 🙂