Titran via Veiholmen til Kristiansund.

Titran er ein koselig plass. Nokon husvære har staselege dimensjonar. Kafeen var dessverre stengt.3G1A3482

Oppdelt av lune «fjordarmar» både her og der.3G1A3483

3G1A3486

Her ute mot havet kan det stå hardt på, men det manglar ikkje på hjartelag.3G1A3484

Eit flott naust har likevel falle utanfor omtanke.3G1A3487

Dagens reiserute.IMG_3335

Kvalane har vi sett lite av på denne turen, men på veg inn til Veiholmen dukka denne/desse opp :-). Men den/dei var tydelegvis på oppdrag og blei borte.

This slideshow requires JavaScript.

Går ein inn til Veiholmen frå nord skal ein ha tunga beint i munnen, utkikk er bra.

3G1A3496

IMG_3319

Me hadde bruk for å handla litt, og klarte akkurat å få plass (masta). Veldig triveleg miljø.IMG_3330 2

IMG_3320IMG_3321 2IMG_3322IMG_3327 2

Vidare og undervegs Cirkeline II vegetartaco – denne gongen med kylling .-)3G1A3499

Smøla frå sørsida…vel, etter som ein ser det.3G1A3504

Vi fekk med oss fantastisk flott jordbær frå Veiholmen – sommar.3G1A3501

Grip er fantastisk flott og artig, men planen var å gå forbi denne gongen. Havneplassen er avgrensa og det låg båtar inne kunne me sjå.3G1A3505

Så var det å få orden på det manglande fokkefallet. Åsne melde seg til å tre i trekkeline for nytt fall frå mastetoppen. Greit med litt klatretrening.3G1A3508

Få trekkelina inn i masta gjekk greit, men å få den ut der den skulle var verre. Ingenting å sjå der inne… me kom til at me måtte sova litt på det.

Uansett det var tid for middag på koselige Smia. (Bygningen er frå 1786, og hola i veggen er frå at smeden testa ut skjerpinga av navarane i veggen.)

This slideshow requires JavaScript.

Fin, solrik og innholdsrik dag.

 

Halten til Titran på Frøya.

Ny langdistanse i dag gjennom Froan naturvernområde.

Grått på morgonen då vi drog frå Halten.3G1A3474

Nordre Sauøysundet – triveleg lite samfunn langt frå land.3G1A3476

3G1A3475

Stadig nye flotte himmelstemningar.3G1A3477

Podcast på frivakta.3G1A3479

Norges høgste fyrtårn, Slettringen fyr, 45m høgt.3G1A3480

Stil på inngangspartiet her.3G1A3481

Cirkeline II, trygt ved kai i hamna på fiskeværet Titran.IMG_3314

Sør-Gjeslingan til Halten fyr.

29. juli.

Sør-Gjeslingan er ein sjarmerande stad. Ufattelige 5000 fiskarar budde her i sesongen. Denne har vi ikkje sett før, fiskehjell som «tak» over vegen.3G1A3445

(ha på lyd)

3G1A3448

Trangt løp inn og ut her.3G1A3450

Ready to go.3G1A3452

På veg ut fann vi den bortkomne fenderen på ei lita øy. Vi klarte akkurat å landsetja Åsne for å henta den, stor gjensynsglede.IMG_3058

Marintraffic klarte ikkje heilt å fylja med bevegelsane våre i dag, men havstrekk var det i alle fall.IMG_3312

Sunn og god lunsj i det blå.IMG_3065

Ingen fokk, men fint genaker-føre kompenserte godt.

Ofte flotte lysstemningar på havet.3G1A3456

I kveldinga blir me helsa velkomne inn på Halten (lyd).

Halten er også ein veldig artig plass å koma til…3G1A3459

…og dei har solur…3G1A3461

…og replika av gamal fiskarbu.3G1A3462

Bygget på kaien har stort forsamlingslokale, og er ein artig og innholdsrik samlingsstad.3G1A3464

Klart for skrøner.3G1A3465

Frå sjøen ser Halten ut som berre snaue berg, men inne i havna er det mange idyllar.3G1A34703G1A3469

3G1A3473

Langdistanse med flott avslutning.

Ideelle forhold Brønnøysund – Sør-Gjeslingan.

28. juli

Me har funne ut at Kristiansund må vera målet for Åsne sin norgesferie, derfor lang etappe i dag:IMG_3305

Trivelege Brønnøysund flagga oss vel avgårde, alle var einige om at det i dag skulle vera god bør frå perfekt retning.3G1A3420

Pila gjennom hatten er det ingenting att av lenger, men holet er der enno, og sjølv om Lekamøya slapp unna feilrekna dei tida, og ho blei til stein lenger sør.3G1A3424

Leka – Norges geologiske nasjonalmonument – høyrer eigentleg til det amerikanske kontinent og er eit snitt gjennom heile jordskorpa heilt inn til mantelen. Derfor heilt unik natur her, med assosiasjoner til andre stader på kloden.3G1A3429

3G1A3433

Perfekt seilas – det går friskt unna.

I innløpet mot Rørvik kom det eit smell og fokka begynte å flagra kraftig. Kraftig vind, trangt og trafikkert område, så den måtte ned straks. Fallet var roke, og wire og tau rasa ned og ut i sjøen på sida av båten. Heldigvis fekk vi det ikkje i propellen. Åsne var kjapt ute å berga segl som ville til havs.

This slideshow requires JavaScript.

Ingen fokk – tid for «kva gjer vi no» – me valde å gå inn til Rørvik for tenkje-stopp.

Varmt og fint med triveleg miljø for fuglane.IMG_3022

IMG_3021

Me lånte betenkningskai av Redningsselskapet. Me har bra med tauverk med, men alt var for kort til provisorisk fall. Nytt blei bestilt for rask levering heime, slik at nestemann på manskapslista kan ta det med. Mao fokk som dekkslast på dei neste etappane.

Kom igjen ta i her – kor er seglsekken ?

This slideshow requires JavaScript.

Relativt mykje vind, men me bestemte oss for å halda til fastsett plan, og valde å gå vidare til Sør-Gjeslingan. Me møtte forsvaret i det me la ut.3G1A3440

Denne ubåten har me sett før, men no treng den å koma på slipp for reingjering og nytt bunnstoff.3G1A3425

Kveldsstemning undervegs.3G1A3441

Der ute ligg målet for i dag.3G1A3443

Vel i hamn, men på vei inn tok vinden ein fender som måtte leggjast til på taps-lista.IMG_3040

Åsne gjekk kveldssøk langs berga, men ingen fender å finna. Oppsummering av dagen med flott seglas og tap av utstyr, ingenting uerstatteleg. Tid for litt søvn.

 

 

 

Grått frå Sandnessjøen til Brønnøysund.

27. juli.

Så la me vidare frå Sandnessjøen. Nokon hadde moro med å slå vindbrytaren på og av – ingen vind, så plutseleg 14 m/s, så ingen vind og så på’an igjen og igjen.IMG_3275

Dagens etappe:IMG_3283

Heller friskt og mørke skyer.3G1A33933G1A3394

3G1A3396

Det er fantastisk flott nedover i dei smale sunda mellom øyane her, men i dag var det grått og heller lite å sjå.3G1A3400

Dette seglingsmerket betyr blindspor til vestre og lukst utføre til høgre, eventuelt – du er på veg til Holland.3G1A3401

Så var det denne vindretninga sin tur – «motvind er den verste å seile med»3G1A3402

Det lysnar i sør…3G1A3403

…stadig betre…3G1A3404

…og betre.3G1A3410

Plutseleg dukka ein snacks-pose opp.3G1A3407

Brønnøysund varta opp med stille og blank sol 🙂3G1A3412

Middag i cockpit vendt mot sola er fint.IMG_3281

Brønnøysund er i stjerneklassen når det gjeld solnedgangar, …3G1A3413

og midt i landet.3G1A3417

IMG_3284

 

 

Sleneset i Solvær til Sandnessjøen i maxver.

26. juli

Åsne og Jarle sykla for å utforska Solvær i godt sykkelver.IMG_2966

IMG_2972

Mange idyllar langs vegen her.IMG_2983

Så var det avreise frå trivelege Sleneset.3G1A3360

I går var det cockpiten noko innkneppa, i dag er det cabriolet-dag.3G1A3361

Mange artige former i berget langsetter leia, …3G1A3366

3G1A3373

…og mange idyllar.3G1A3367

Gjeld å nytta ressursane – kald Lasagne til lunsj i dag, slett ikkje verst.IMG_3266

Dønnamannen og dei sju systrene nyt sola.3G1A3368

Kikkartane er flittig i bruk.3G1A3371

Trass fin seglvind valde me å ta oss fram for motor, for å ha sol på dekk og fri utsikt denne dagen. Fordekket er beste plassen og Åsne har teke med seg styrmanns-oppgåvene fram.3G1A3377 (1)

Etter kvart varmt og heilt nyydeleg nedover.IMG_2986

IMG_2992

Kva tenkjer han tru – om det ytre rom der han ligg ??3G1A3378

Også i Sandnessjøen var det fullt, men ein annan hyggelig Najad gav oss plass utanpå.3G1A3383

Storfint besøk, Withbread-båten Berge Viking fullt oppgradert og i flott stand.3G1A3380

Ankeret hadde dei nok likevel gløymt, denne typen har vel utviklinga gått litt frå, men flott skute.3G1A3381

Siste middag for Jarle ombord. Han flyg heimover i morgon, far og dotter seglar Cirkeline II vidare ei veke til.3G1A3386

Stemingsfull kveld over Sandnessjøen sine tekniske innretningar.IMG_3274

 

Træna til Sleneset.

25. juli.

Med brukbare meldingar valde me i går å utsetja turen til fantasi-øya Sanna i dag, det innfridde ikkje heilt – skodde og regn.3G1A3334

Likevel – landskapet er heilt trolsk her. Noko kunne me sjå, fantasien måtte stå for resten.3G1A3336

Forsvaret «lånte» oss kaien sin ei lita stund, så Åsne og Jarle fekk oppleva Kirkhellaren der Træna festivalen har scena si.3G1A3345

IMG_2953

IMG_2957

Grottevandrar på retur til basen.3G1A3348

I 2014 var det berre to brør som var fastbuende, no var det tre (auke på 50%) – den eine hadde gifta seg. Husa i grenda vert godt vedlikehaldne – kjekt å sjå.3G1A3344

Eg bur oppunder fjell…og eg svik ho ikkje hell..3G1A3343

Ingen solnedgang, men elgen heldt stand og ynskte oss vel avgarde.3G1A3350

Dagens etappe Træna til Sleneset.IMG_3264 (1)

I serien «god navigasjon er viktig» – ellers kjem gribben å tek deg.3G1A3356

Me legg mystiske og karakteristiske Træna bak oss.3G1A3357

Ein kopp kaffi er fint undervegs.IMG_2949

Me har lese oss opp på sagaen om Vågakallen, Sulitjelmakongen, Hestmannen, dei sju systemene, Skarsfjellgubben med hatten og Lekamøya. No var det etter planen vår Hestmanen som stod for tur, men nei han hadde trekt skoddehatten godt ned over øyrene, for  vått og ingenting å sjå. 3G1A3358

Derfor direkte vidare til dagens endestopp Sleneset, der me var så heldige at ein gav oss plassen sin, og me fekk siste ledige plass 🙂

Dinner in the making – triveleg ombord.IMG_3263

Rødøy til Husøy på Træna via Selvær.

Grå hatt på Løva i det vi forlot Rødøy.3G1A3303

61728401100__92696FB4-0A41-413E-B1B9-737785BA3238

Dagen etappe (ikkje heilt framme her):IMG_3255

Lagsflagget vårt er noko utslagga etter turen, men nytt ventar heime 🙂

Me hadde forventa ein god del dønning utover mot Træna, men det vart fort rolege forhold og lite vind.  Innomsnusing av Selvær undervegs.3G1A3305

Sjarmerande plass med ekte kystpreg. God hamn og fint å liggja her, men vi hadde tenkt oss vidare denne gongen. Kva kan vera inspirasjon til rekkverket tru ?3G1A3306

Fordekket og kikkart er fint for å få eit inntrykk av korleis det er å vera her.3G1A3310

Stå på eigne bein – om det fell eller flør !3G1A33113G1A3312

Fin hatt på Husøya på Træna.3G1A3315

AIS’en fortalde at SY Brynild låg på Husøya. Veldig kjekt å møta dei igjen. Dei hadde funne ut at det gjekk an å ta seg opp på «hatten». Det var lagt ut tau å halda seg i, så det gjekk. Ikkje høgt men fin utsikt derifrå.3G1A3317

3G1A3319 (1)

Cirkeline II og Brynild i fantastisk lun hamn nede på Husøya på Træna.IMG_3247

Utsikt mot Sanna.IMG_3249

Elg i solnedgang:

Vel nede i hamna att. Hundane måtte nøya seg med tur under «hattfoten».3G1A3329

Åsne hadde laga Cirkeline II – superpizza til me kom ned att – kjempegod. IMG_3253

Etterpå koselig kaffi og iskake og prat i Brynild.

Sanna i morgon.

Liggedag i vind og regn på Rødøy.

Vervarsla hadde førebudd oss, og natta stadfesta at me kunne sova så lenge me hadde lyst. Det blei «Brunch» i dag.IMG_3225 2

Surver i hamna til Klokkargården på vestsida av Rødøy (Cirkeline II til venstre). Det er to slike byggjer til – heilt fullt på alle.IMG_3226 2

Åsne og Jarle sykla til butikken. I ein hage på sida av vegen kom dei over disse tre. Den eine hadde pynta seg med sherpaflagg før han gjekk inn i tettbygd strøk.IMG_2939

Klevask, blogging og rydding i «heimen». Etterpå middag på Klokkargården – fyrst kamskjell, så ishavsrøye på to og oksekalv på ein, irish loffe, og Malins snøball på skeivfordeling.

This slideshow requires JavaScript.

Åsne og Jarle glei overraskande greitt inn i den historiske stova.IMG_3233

Skodde i nutane ute og plutseleg slår regn- og vind-flagene inn. Det lettar ut på dagen i morgon seier meterologane.IMG_3241

Ny natt med strekk i fortøyningane ventar.

Sørfugløy og vidare til Rødøy.

22. juli.

Mange båtar i hamna på Sørfugløy denne gongen. (Cirkeline II «uttapå» bak til venstre).

3G1A3250

Ikkje alle er like glade i ørn og jagar ho bryskt heimatt.3G1A3253

Sørfugløy er såå velstelt, og byr på eit sjeldent triveleg miljø…..3G1A32573G1A32623G1A3264

…og ei kjempefin strand.3G1A3272

Fagfolka studerar mekanikken i elve-erosjon.3G1A3268

Kommentarar unødvendig tenkjer eg.3G1A32783G1A32793G1A32803G1A3282

God og triveleg hamn på Sørfugløy.3G1A3283

Planlegging av dagens seilas.3G1A3288

Dagens etappe.IMG_3222

Vi var ein rask tur innom Storvika for å sei hei til naboane våre Astrid og Kjell. Det bles og regna i det vi la til, så den omreisande journalisten reint gløymde å ta bilde. Dei hadde med vafler og kokosbollar og me koka kaffi. Veldig hyggeleg stund ombord. Her legg vi Storvika bak.3G1A3289

Karakteristisk landstripe ut til Kunna.3G1A3291

Lunsj på kartet.3G1A3292

Perfekte seglforhold i dag, jevnt 7-8 knop.3G1A3293

Endring av ruteplan.3G1A3294

Nokon blir glade av å segla på tur.3G1A3295

Rødøyløva på Rødøy.3G1A3301

Såg du ho ikkje ??3G1A3302

Fullt av båtar i hamna til Klokkargåren, men vi fekk leggja oss utanpå imøtekomande Sortland-folk i le for vinden.

Åsne og forfattaren måtte opp å sjå utover. Vindfullt og seint på kveld. Åsne på toppen av Løva.

IMG_3207

Her er det verkeleg fantastisk 360 grader utsikt over øyriket – let seg ikkje beskriva – må opplevast. Træna stikk opp lengst bak til venstre.

IMG_3211

Vi klarte å finna ein liten lun plass så vi fekk nyta synet ei lita stund.IMG_3214

Her er det rett ned og vel så det – med kroppen stødig på berget og nasa såvidt over kanten…IMG_3221

…er det dette ei ser ned på.IMG_3218

Vel nede att etter flott tur. Godt å koma inn i varmen. Trygt fortøyde klare for vindfull natt.