Værøy via Skomvær til Søgfugløy.

21. juli.

Lang dagsetappe i dag.IMG_3195

Røst ragar ikkje høgt over havflata akkurat.3G1A3177

Fordekket i godver er beste plassen.3G1A3203

Trenyken på Skomvær nærmar seg.IMG_3191

Stort bedre går det ikkje an å få det, men straum i ulike retningar og stein som lurar under overflata – så navigatøren må ha auga på rett plass.3G1A3211

Lenger frå fastlandet går det ikkje an å ha hytte. Det er nok ikkje alle dagar som er gode hyttedagar her, men det er fantastisk flott i godt ver.3G1A3184

Store mengder fugl hekker her ute – alltid like fascinerande å oppleva.3G1A3195

3G1A3199

3G1A3220

Lundefuglen er sjarmtrollet. Med korte venger som er veleigna under vatn, er take off vanskeleg. Alt må brukast for å få fart, og rett som det er ender det med «crash». Lundefuglen har den mest klumsete landinga av alle.3G1A3206

Fantastisk plass på norskekysten dette, og vi er heldige med dagen. Kjente former frå Kåre Espolin Johnson sine framstillingar av det krevande livet her i tidlegare tider.IMG_3192 (1)

3G1A3230

Nokon må «halda hjula igang»….3G1A3235

….medan andre sit på pauserommet.3G1A3234

Skomvær i maksvær.3G1A3243

Så der det over Vestfjorden. Litt for rolege forhold for oss, så ikkje forhold for segl som framdrift. Nukane samlar seg i bakgrunnen.3G1A3239

Navigasjonsvakt og siesta.IMG_3194

Roleg heile vegen over. Flotte stemningar på himmelen inn mot Sørfugløy. 3G1A3248

Mange båtar i hamna, men me fekk plass utenpå imøtekomande og hyggelige nordlendingar 🙂

Værøy.

20. juli.

Værøy er ei triveleg og flott øy.3G1A3147

Kreativt hagegjerde av fiskereidskap.3G1A3148

3G1A3152

3G1A3153

Til utsiktspunktet.3G1A3155

Me valde å gå rett opp, og følgde kanten utover.3G1A3159

IMG_3177

3G1A31623G1A31643G1A3165

Enno eit fantastisk utsyn.IMG_3180

Frå Håheia går det an å gå ned og vidare ut mot Måstad. Me sjekka stien vidare, bratt men ok i godver, fann me ut.3G1A3169

Ikkje mangel på blomestas her….3G1A3175

og nokre heilt få molter var klar.IMG_3181

Mat må me ha 🙂 IMG_3184

Værøy er ei øy å koma tilbake til. Planlegging i kveld og vidare i morgon tidleg kom me fram til.

Sørvågen og Sørvågen – Værøy.

19. juli.

Me leigde ikkje bil, men tok bussen:

IMG_3121

Varmt og fint – omkledning ved start på trappa.

IMG_3123

Åsne ville ikkje telja trinn, men dei står noterte i trappa.

Litt av eit byggverk, men heilt nødvendig pga utsliten gamal stil og fare for å løysa ut stein.

IMG_3128

Utsikten er kjem seg med trinna ein legg bak seg.

IMG_3151

Oppe og nøydde med innsatsen.

IMG_3132

Kjempeflott dag, under oss la Christian Radich ut Vestfjorden.

IMG_3137

IMG_2076

Same interesse av spektakulære syn.

IMG_2810

Reinebringen byr på fantastisk utsikt, ei av det mest kjende i Norge..

IMG_3142

IMG_3140

Dette er vel plassen sin for «selfie»

IMG_3145

Også nede att blir ein «bergteken» av dette landskapet.

IMG_3153

Åsne og Jarle sykla ein tur til Å, som også er ein veldig flott lita grend, og eit museum over fortida her.

IMG_2832

Fin og varm kveld og roleg Vestfjord, me fann ut at me ville nyta kveldsstemninga utover mot Værøy, så då blei det avreise frå lune Sørvågen.

3G1A3121

3G1A3123

Moskenesstraumen er ein svært gode fiskeplass, og Åsne og Jarle ville prøva. Etter ein fin sei og ein liten til blei fiskemottaket stengt på grunn av begrensa omsetning.

IMG_3156

IMG_2838

IMG_2844

Med moderate forhold i Moskenesstraumen, var det freistande å undersøkja uthamna ytterst på Lofotodden (Buvågen) rett inn frå straumen. Her er det nok rikeleg med ver til tider, og det er vanskeleg å førestella seg at det har vore fast busetnad her. Med sterk straum og sjøbrot både her og der, er dette heilt klart ikkje ein plass ein prøver seg på i anna enn godver.

3G1A3129

To små buer fanns det likevel her inne.

3G1A3131

Vel ute att vart det jordbær med fløyte som nattmat til Værøy.

IMG_3158

Flott solnedgang

IMG_2852

3G1A3138

Slutt på midnattsola for i år.

3G1A3143

Åsne speidar ut i sommarnatta.

3G1A3140

3G1A3144

Mange gjester  inne også på Værøy, men me fann plass 🙂

 

Henningsvær til Sørvågen.

18. juli.

Då var det takk for oss i Henningsvær og me reiser vidare sørover.

3G1A3062

Flott seilas utetter.

3G1A30673G1A30733G1A30843G1A3086

IMG_3103

«Watching you» – fjellet har kontroll på innseglinga til Nusfjord.

3G1A3089

3G1A3097

Statsbesøk i Reine i dag – Christian Radich.

3G1A3104

Landskapet i Reine er berre fantastisk, men …

3G1A3111

3G1A3110

…. vi ville til Sørvågen, og fekk plass innerst i hamna.

3G1A3118

Fiskehistorie bortetter med rorbuene som tak.

3G1A3120

Åsne og Jarle prøvde seg på ferskvannsfiske på kvelden, men det blei med nesten, …

IMG_2781

….så då blei det kveldsmiddag på Maren Anna.

IMG_3108

Torsketunger med lakserogn, kval tataki, seifilet, lokale ostar og vaffelkake churros – alt med høvande vinar til. Alt veldig bra, tydeleg at dei har kokkar (norsk, finsk og ein østen-inspirert engelskmann) som bryr seg med det dei lagar, og hyggelig servering 🙂  (bildeserie).

This slideshow requires JavaScript.

I det vi starta på desserten, kom det plutseleg mykje folk inn, gitarar fram og borda dregne saman til langbord. Her skjedde det mykje på ein gong, og vi fekk ta del i oppstarten av «heimkomardagen». No var kvelden over for turistane, no var det lokale og heimattkomne sin tur. Lokale artistar stod i kø, allsongen ljoma og stemninga høg då i vi rusla frå lokalet.

Endå ein kjempeflott dag.

 

 

Svolvær – Henningsvær – surt ver.

17 juli.

Båtfolket som hadde «mura» oss inne var på pletten blide og opplagte, og me kom avgarde som planlagt. Fyrste post var bunkring. Etter som me no fører ein intens krig mot dieseldyr, er fylling blitt ein omfattande prosess med tilsetting og filtrering (me tek ikkje detaljane her).

IMG_2748

Fiskarkona syns det var surt i veret, men me tolka det som at ho vinka oss vel avgarde.

3G1A3052

Dagens etappe – ikkje så lang, for Henningsvær må ein innom.

IMG_3085

Kabelvåg virka ikkje så freistande i dag.

3G1A3053

Mange båtar også i Henningsvær, og stadig nye som leita etter plass.

3G1A3054

For 50 kr til ei hyggeleg dame fekk me oss plass ved ei fastbryggje. Cirkeline II blei rigga for å skli opp og ned dei 2,5 metrane som tidevatnet er her.

IMG_3084

Vi har ikkje hatt mykje av dette på turen, men i dag var det faktisk vanleg vestlands-regnver,…

3G1A3055

..og heile flåten låg inne.

3G1A3056

Ut å sjå på byen. Det var nesten slutt på Lofotkaviaren, og vi måtte til Lofotmat for å få meir.

IMG_3086

Jarle fann seg ein ny håv som han ville handla med seg heim, men det var ikkje plass….

IMG_2752

Fullt på alt av restaurantar, men på Fiskekrogen lurte dei oss inn i andre bordsetting. Me fekk samme supertrivelege serveringsdame som sist, ho hugsa oss :-).

Forrettar – kval-carpatio for to og torsketunger for ein,

IMG_3088IMG_3089

etterfulgt av kveite for to og blåskjell for ein. Alt kjempegodt.

IMG_2755IMG_2063

Gode og mette, lovande utsikter for morgondagen..

3G1A3057

Svolvær – sol og fint.

16 juli.

Toalett under brua – smart – fjernar alle problem med toalett i båt 😉

3G1A3049

 

Så var det Fløya i Svolvær sin tur. Den slitne stien har fått eit stykke sherpa-trapper, men mykje gjenstår. Varmt frå start.

DSC04502

Ikkje akkurat einsemd oppover til denne toppen:

DSC04504

Jo «Frosken» held stand på ryggen

DSC04511DSC04512

Åsne og Jarle på Djevelporten. Gispande og betenkt kø. Skal/skal ikkje – rykk eit steg fram i køen – for så å gå bakerst for å tenkja deg om om du verkeleg vil dette.

DSC04517

 

Innsats gjev styrke – armhevingar på kanten av det tilrådelege.

DSC04519

«Styggen på ryggen»

IMG_2707

Utsikten er ubetaleleg – flott by.

DSC04524

Luftig over toppen på egga fram mot Fløya.

DSC04526

Fløya rett over byen.

DSC04531

Vi gjekk ned på framsida mot Geita. Veldig bratt. Greit for det meste, men sliten sti og derav ikkje så godt grep, gjorde dette til ei heller krevande nedstigning.

DSC04534

Fint i sola. men rimeleg bratt nedover. Heldigvis tørt og fint.

DSC04536

Godt besøk på Geita – lang kø under for å koma opp. Nedanfrå kunne me sjå folk på toppen frå tidleg til seint.

IMG_2740

Pause i solveggen for å sjå på klatrarane og kvila bremsane litt.

DSC04538

Med alle vel nede att, var det tid for dusj og middag på Børsen. Her møtte me att SY Ananda, som var her for å feira 50-års dag. Veldig hyggelig møte med dei 🙂

Me fekk straks ein fjerde gjest til bords – rimeleg påholden på sin plass på rekkverket.

IMG_3073

Marinert tørrfisk for to …

IMG_2742

..og kvalbiff for ein. Veldig godt.IMG_3075

Koseleg kveld og avslapping av slitne «bremseband».

IMG_3070

Tilbake i Cirkeline II hadde me blitt heilt «mura» inn av båtar, men alle hyggelege folk som var innstilte på å forhala til vår avgang sørover 10:00 i morgon.

Tranøy til Svolvær

15. juli. Dagens etappe.

IMG_3068

Vi starta ut for seg frå Tranøy, men vinden dreia mot oss og gav seg. Utsikt mot Steigen – vanskeleg å velja side sørover.3G1A3015

Hamarøyskaftet, stilig i silhuett.

DSC04498

 

Ørn på reir på Svellingflaket – flotte fuglar.

3G1A3017

Mykje å sjå på undervegs – me la turen på innsida av Store Molla igjen…

3G1A3022

Spektakulære fjell, men få lundefugler denne gongen.

3G1A3026

God kikkert er fint når ein ikkje kan «snusa» innom alt.

3G1A3025

 

3G1A3032

Stor forandring sidan sist – eit stadig renn av RIB’ar til og frå Trollfjorden og mange andre i den smale renna. Greit å ikkje gå på feil side ved flo sjø her.

3G1A3034

Fjella her imponerte det nye seglarmannskapet

3G1A3040

Fiskarkona skodar framleis ut over havet etter sine. Bak Blåtind, der Randi og eg var sist, til venstre, og Fløya/Geita der vi tenker oss opp på no til høgre for kona.

3G1A3041

Som venta var det no ei heilt anna liv å røre til lang på natt i Svolvær. Me var heldig og fekk plass utenpå båten til hyggelege ungdommar som arbeidde på sightseeing båten og som låg på fast plass :-).

3G1A3043

Utemiddag i dag. Nokon av gjestene er heller freidige…

IMG_3064

Utekaffi (Irish) på kaien, og hyggelig prat med lokale etterpå. Fin dag.

IMG_3067

Frå Vallebukta til Tranøy.

Flott å vakna opp slik:

DSC04478

Ikkje lett å redda prinsessa ut av fjellet over ankerbukta.

DSC04481

Me ville sjå om me såg nasjonalfjellet frå Efjorden, og snudde nasa innover. Undervegs fann me dette berget som me aldri har sett maken til. Eit langt svaberg frå fjordnivå og langt til fjells. Folk på tur oppover berg»sletta» kunne me sjå i kikkert. Eit verkeleg underleg syn. Fekk lyst å prøva denne autostradaen til fjells, men den var litt utanfor rekkevidde for oss denne gongen.

3G1A3003

Vanskeleg straum under ei bru hindra oss i få sjå nasjonalfjellet frå denne fjorden, men det var spektakulære fjell i mengder som spela seg i blikk stille fjord.

DSC04482

Vanskelg å formidla dette fasinerande synet, men fonna under fjellet sveitta i varmen og strimene med vatn under gjorde fjellet under om til reine sylvberget i sola.

3G1A3010

Badestrender utan like, det er vel kanskje temperaturen som manglar litt, men mange går friskt uti likevel.

3G1A3011

Stedvis berre 1,5-2 m vatn under kjølen, så det er fint med ein vegvisar her og der.

3G1A3013

Ute av Efjorden kom majesteten til syne, utvilsomt det rette nasjonalfjellet. Randi og eg var opp på (Halls fortopp), «platået» rett bak i 2014 .

3G1A3014

Tranøy har fantastisk flotte svaberg…..

DSC04484

…som også gjev verkeleg spennande utstillingsmogelegheiter. Denne gongen var også utstillinga på plass.

DSC04491

Blei ikkje handel denne gongen, men veldig artig satsing.

IMG_3059

DSC04494

Mange gjestande båtar til havn på Tranøy i natt.
Skulle tru Michelangelo har hatt eit ord med i kveldsstemninga.

IMG_3056

«Crew change» og Liland til Vallebukta i Efjord.

Ikkje internett i går – derfor gårsdagens blogg i dag.

Vi får visst aldri nok tid i Nord Norge vi to – plutseleg var «Crew Change dagen» der. Nytt mannskap, Åsne og Jarle på veg inn i flyet frå Bergen for priviligerte opplevingar i Nord.

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_2d00

Nesten 10 veker var unna på eit blunk, og Randi måtte heim til jobb, katten, hundepass, sikkert overfrodig hage og regn frå solskinn i nord.

Dermed blir det den andre av skipets faste mannskap som forfattar bloggen vidare. Reingjering og lufting, klart for nytt mannskap.

qtXoA8uDTOGWFgD37PHlQg_thumb_2cfa

Åsne og Jarle på bryggja, fornøyde med å reisa frå regn og knapp sommartemperatur i Bergen til sol og fint på Liland.

7cbXCgiATOqr4heP5YXVUQ_thumb_2cfb

Innsjekking, ein matbit, og så avgårde.

NKRSlGf7T0a092Nc6xdxag_thumb_2d01

Dagens etappe.

IMG_3054

Lukka er fin seglvind utover Ofotfjorden.

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_2d02

Inn mellom fjella tenkte vi oss. Papirkartet sa 22 m kraftspenn, men dei elektroniske sa 15 m. Etter ein hyggelig prat med losbåten, som og meinte 15m, var vi nesten framme og skilta ved spennet avgjorde saka – 15 m høyspent prøver me oss ikkje på. Vi måtte mao gå rundt Barøya for å koma inn dit vi hadde tenkt oss.

7RHyXfAYR9m1+legmDBHyA_thumb_2cfc

Derved måtte «nød-middagen» takast i bruk allereie på fyrste strekk.

U36KEJf2QYC%gx1KGwG38g_thumb_2d03

Grundt og svingete inn og påminning om at god navigasjon er alltid viktig. Godt sett opp, men heile Vestfjorden står rett inn.

sl0%6vCWQxWAduON8Vl8ng_thumb_2cfd

Det nye mannskapet let seg imponera av solgangen, og fint gult lys seint på kveld.

AlQUxAy4Smi%8Ge4SKjeUQ_thumb_2cfe

Åsne henta opp ein fin sei like før ankring.

Ingenting er som å liggja på svai når plassen er den rette og roen har senka seg :-). Vallebukta i Efjord.

bTaDQEusQ0add63aZwKzAw_thumb_2cff

Frå Harstad til Liland

Siste dag på reise for meg. Me bunkra i Harstadbotn og vende sørover.IMG_2202

Her er dagens etappe.IMG_3038

Stille, sol og varmt !IMG_3037

Til tider grunn og smalt løp gjennom Ramsund. Me hadde 3 kn medstraum ei stund! 3G1A2949

Sandtorgholmen hotell.IMG_2209

Sikt over fjorden mot Steigen.3G1A2951

Me fekk denne «damparen» av eit monster etter oss innover Ofotfjorden.3G1A2961

Spennande mønster i fjellet på svaberga.3G1A2959

Inne i Liland.3G1A2969

Cirkeline II fortøyd i gjestehavna. Mannskapsbytte i morgon.3G1A2974

No har me ete opp restar og eg har pakka. I morgon er det heimreise for meg.