Ein lukkeleg jubilant! Eilev har gebursdag i dag 🙂
Me handla i Fosnavåg, og gjekk frå kai 11.30
Me la turen rundt Runde og kikka på fuglefjellet og sulene. La til kai på Runde 13.30
Her fekk den sjarmerande jubilanten dessert til lunsj! Berlinerbollar med sylta er himmelsk 🙂
Fuglelivet på Runde fasinerande- her er ein av dei me møtte i dag.
Her er det laaangt ned..
Og der nede har desse to reiret sitt.
Og so har dei desse-ubeskrivelege søte sjarmerande Lunde fuglane som ein får mest lyst til å ta med seg heim 🙂
No har me hatt ein betre kveitemiddag og opptil fleire dessertar for å gjera stas på Eilev 🙂
Gratuleter!!! Dere er jo langt på vei kommet. Lykke til videte : ))