Sommardag på Canna

Vakna til sol og sommarvarme . Me gjekk fottur rundt Canna i sol og vindstille. Det blei varmt!! Men flott tur og mykje å sjå på.

Blei så varmt att eg måtte bada trass 14,5 grader i sjøen!

Ut på steinjakt med jolle.

Ikkje lett å velja kven som skal vera med heim 😅

Ligg ein bøling med selar i innløpet til havna- dei gaular og lagar fæla spetakkel😁

I dag hadde me bestilt bord inne i fred for knotten på Cafe Canna, me fekk framifrå sjømat!

Svært idyllisk her på Canna tykkjer me.

Frå Eigg via Rum til Canna

Flott morgon i sola her på Eigg

Me letta anker og gjekk til Rum. Her var det ein uventa mann i slottsvindauga og tok imot oss.

Me gjekk ein tur rundt her – hjorten som ein gong blei importert hertil, for å bli jakta på, vandrar no rundt husa og beiter over alt.

Me fann ungdomshuset av god gammal klasse

Kikka inn i vindaugene i slottet

Me gjekk videre med Canna i siktet

Vel fortøyd på eige anker.

Rett på land for å vitja Cafe Canna, her fekk me blåskjell ute i lag med all knotten!! ( alt inne fullt) me fekk myggspray som tilbehør 😅

Eigg

Forlot Tobermory midt på dagen. Fargerik strandpromenade her!

Me segla flott til Eigg. Her har dei ein fjellknatt som heiter An Sgurr på 1289 ft, den vil me freista opp på.

Inne på land hadde den lokale baren flytta ut i sola 😁

Flotte strender her og!

Starta turen med ca 1km på bilvegen deira, svært koselig hovedveg👌

Svært flott tur, kan anbefalast!

Fjella på Rum i bakgrunnen.

Me nådde toppen!

Langt der nede ligg Cirkeline å svaiar seg👍

Blei nye blomar til vasen vår på veg nedatt.

Lunga til Tobermory

Litt skya start på dagen her på Lunga.

Etter frukost og båttur til land, letta det og blei sol 😊 me gjekk ein fottur over toppen av øya og rundt fuglefjelllet attende til Cirkeline.

Murane etter 8 black houses som ein gong har stått her.

Her kan me sjå dagen mål, toppen av Lunga

Me var innom og såg på fuglane i dag igjen, blir aldri lei av dei!

Dei er ikkje redde og me kjem heilt innpå dei!

Me letta anker og gjekk til Tobermory i motstraum.

Her fekk me diesel og vatn. Middag på havnerestauranten og handla på Coop . Vatn nok til å spyla båten og dusja! Og muligheter for klevask i havna! Rein luksus😊👌

Me fekk kamskjell først og steikt seabass etterpå, kjempegodt 👌😊

Tobermory er ein fargerik og koselig by 😊

Iona, Staffa og Lunga

Me vakna på Oronsay til ein skya morgon, sette kursen mot Iona. Mykje motor men litt Code segling og litt motorsegling. På Iona er det ein gedigen katedral som me såg då me gjekk gjennom sundet. Visstnok starta bygging 500 tallet. Dette av ein rømling frå Irland, som ikkje likte kyr fordi der det er kyr er det kvinner og der det er kvinner er det spetakkel . Så konene til arbeidarane måtte bu på ei eigen øy…

Vel gjennom sundet får me Staffa i siktet.

Lenger vest kan me sjå « Dutchmanns cap»

Eilev har drøymt om å ro inn i Fingals cave, i dag var ein perfekt dag utan dønning.

Bilete inn i grotta og innanfrå og ut mot Cirkeline.

Medan Eilev rodde kom det turistbåt med høgtalar, som blant anna fortalde om ein komponist som blei så inspirert av lyden av bølgene inne i grotta att han komponerte denne musikken – heitte noko om Hebridene

Så gjekk turen videre til Lunga. Her er det mengder med Lomvi, alker, skarv , havhest og lundefugl . Me ankra opp Cirkeline og gjekk i land.

Så var det dette med flo og fjøra… kor vart det av steinen jollen var knytt til no då?

Attende til Cirkeline

Middag i cokpit

Solnedgang

Kveldsstemning

Islay til Oronsay

Starta dagen med å ta oss i land og gå en tur. Først i ein skog så bortetter strendene.

Her på Islay er det 14 whisky destilleri- me kan ik så mykje om det, men møtte ein som snakka om singel malt, røyksmak frå brent torv og liknande- mykje å læra om whisky her om ein vil.

Flotte strender her!

Med eit slikt fantastisk glitterspel i vatnet er det fristande..

..å bada- sjølv om temperaturen seier 13,5 grader i vatnet🥶

Attende til moderskipet.

Me letta anker og sette kurs mot Oronsay

Kom ei liten bris med oss ei stund slik att me fekk segla med code seglet

Livet kan vera hardt ombord..

Fjell og strender på Jura.

No ligg me på svai her på Oronsay i lag med 5 andre båtar.

Me var ein liten tur på land slik att Eilev fekk sjå korleis dei har det inne her.

Delfinsafari

Reiste frå Portrush ca 0800 i tjukk skodde og vindstille.

Etter ca to timar letta det og kom litt vind. Me motorsegla til Port Ellen på Islay. Her la me oss på svai i godværet!

Me fekk celebert besøk!!!

Etter denne opplevinga blei det middag i cokpit

Me sette motor på jollen for å utforska Port Ellen. Me blei eit populært innslag for fem delfiner som leika seg med oss , me blei dueleg våte begge to. Treffsikker med å klaske halen på rett tidspunkt!

No er det oppvask i solnedgang .

Sykkeltur

Me har sykla og sett på strender , grotter, slottsruiner og folkeliv 😊

Dunluce castle

Attende i Cirkeline fekk me lunsj medan det var kappsynjing på sjøen- kanskje ikkje så lett å sjå dei , men mangen deltakarar og stor innsats!

Mykje trommer og fløyte musikk- eine korpset etter det andre- var visst religiøs protestantisk prosesjon.

Etter hyggelig glass vin i nabobåten gjekk me på Shanty i the Shelter, som er gammal livbåtstasjon for å ete middag. Eigentleg fullt, men med Eilev sin sjarme fekk me skvist oss inn til å ete ved eit bord ute👌

Nokon får liten dessert og nokon får stor…

Nok ein fantastisk sommardag!