Nok ein flott fjelltur 🙂
I dag var det sykkeltur og så fottur til Kvarven her på Kjerringøy, i lag med Liv Marie og Lars 🙂
Langt der nede ligg havna på Kjerringøy med Karlsøyvær utforbi.
Matauk på veg ned att.
Cappucino som premie på «Markens grøde» vel nede att 🙂
Skiftande ver i havna etter att me kom ned.
Felles middag med Liv Marie og Lars – Kvit Kjerringøy (brie) med focaccia og litt steikt sopp til forrett, fiskegrateng og så molter til desssert, mmmmmmmm
Monthly Archives: juli 2014
30. juli
Me let oss stadig imponera av fjellformasjonar her oppe, dette er Skotstind på Nordskot.
På Helnessund hadde dei ein fiskeutstyrsbutikk… Ny sluk eller kva ein skal kalle dette monsteret..Eilev har store forhåpningar til kveitefisket i dag og…
Det kryr av flotte strender innimellom alle øyene..
Herr og fru fyrvoktar….
Endå eit fjell , Multinden.
Her snakkar me om fiske med STORE bokstavar…
DER beit det noko på!!! det viste seg å vera endå ein torsk, rett nok ein stor ein då…
På veg inn i havn på Kjerringøy, noko sippig vær…
Regn ute, varmt og tørt inne 🙂 Har hatt koselig besøk av Liv Marie og Lars frå S/Y Oda, dei legg båten i vinteropplag her no.
29. juli
Ut på tur aldri sur 🙂 Perfekt turvær med skyer, lett trekk i lufta og ca.20 grader Me sykla inn til butikken og la i veg til Prestkona (646 moh)
God og bratt sti opp til ein egg bort til toppen.
Her var det fantastisk utsikt …
..i alle retningar…
og Lofotveggen skimtande baki der heile vegen.
Eilev blei så oppglødd over eggen att balett-danse-talentet hans kom fram i dagen.
Langt der nede ligg Cirkeline II . Så då bar det ned att og sykkeltur attende til moderskipet.
Me lasta alt ombord og løyste fortøyningane for nye eventyr.
Forlot Røssøy, – her ser de Prestkona i midten bakerst i biletet. Me segla med berre fokke i behageleg medvind ned til Helnessund kor me no ligg fortøyd.
27. og 28. Juli
Me starta dagen med å tøffa rundt i jolla for å sjå oss om inne i bassenget rundt Engøy og Nautøya, eventyrlig vakkert her.
Når det var rett flo og straum gjekk me ut Nesstraumen, lite trim i dag så Eilev jobbar her med ein slags styrketrening eller kva det no er…
Me gjekk ut mellom Lundøy og Engeløy og inn i Brunvær, her møtte me…
..denne idyllen av ei sandstrand, og fann ut att me berre måtte sleppa ut ankeret og bli.
Det vart ein uverkelig kveld i omgivelsar som knapt kan beskrivast…
Me tukka ein runde med jolla, møtte fleire ørner – her blir ei jaga av ein måse!
I dag 28. juli tok me ein liten runde for å ta bilete av av desse anemonene under vatn før me letta anker. På veg attende til båten vart me vinka inn på kaffi av Jarle Berg som har sommarhus her – uventa og svært tiveleg. Uheldigvis kom eg til å sletta bileta eg tok hjå han før eg fekk lasta dei inn på dataen… Me gjekk for å fiska på veg til Røssøy, Eilev med godt mot og nye kveitefiske tips… Kveita ville ikkje bita i dag heller, men eg fekk ein flott torsk som Eilev heiv på sjøen då han skulle sløya… Som plaster fiska han ein ny torsk, men denne viste seg å vera full i kveis… På tide å sula opp fisket for å handla på butikken her i Steigen. Handelsmannen meinte måndag var ein dårleg handledag – tysdag og onsdag var mykje betre. Det synte seg å halda stikk, kyllingen me kjøpte var ikkje etande endå datoen var ok… Mykje dessert i kveld mao 😉
26. juli
Me tok farvel med S/Y Oda, og gjekk videre til Skutvik for å handla. Her blei me møtt av ein seglregatta, så me måtte venta med å gå til kai til dei var i mål! 🙂
Her i Skutvik var det torgdag og mykje haloi, smaksprøvar på div. laks mmmm 🙂
Me freista oss inn i Nesstraumen, men den hadde større fart mot oss enn me gjekk med fram, så me måtte ta nokon venterundar til straumen gav seg…
Så var me igjennom og sjøen roa seg…
Her ligg Cirkeline II på svai og speglar seg i den blå timen aust for Engøy i Kaldvågfjorden.
25. juli
I går fin seglas frå Tranøy til Straumhavn, idyllisk uthavn der me ankra opp med S/Y Oda. Ekspedisjonsstart med jolle bæring over land til Straumsvatn.
«Lille Oda» viser vei 🙂 Inn på ei karibisk strand under Hamarøyskaftet med bjørk i staden for palmer…
Fottur opp til foten av skaftet, me tok ikkje turen heilt opp- må ha klatreutstyr og kunna bruka det og… Me gjekk derimot Landstrykarstien.
Sørdal, det var her filminga av «Landstrykere» fant stad.
Stien gjekk opp og ned i flott skogsterreng.
Her i Sandvika blei det matrast og bading i framifrå temperatur 🙂
Vidare gjekk turen inom denne rullestein stranda!
Maaaangen svært vakre slipte steinar…
Vandre videre… Liv Marie og Lars frå S/Y Oda vårt trivelige turselskap 🙂
Vel tilbake til «moderskipa» 🙂 Endå eit bad, og så..
..felles festmiddag i S/Y Oda, ein perfekt dag!
23. juli
22. juli var det slutt på midnattsola i Norland fylke for i år…
I dag var Hamsundsenteret ope, vel verd eit besøk! Me var med på ei arkitektonisk vandring i huset, gjennomtenkt og imponerande bygg, verdig ein stor ordkunstnar.
Ein del av ideen bak bygget er att dei besøkjande skal kjenna på sin eigen indre uro, her utfordrar eg min indre ro…glassveggen lenar seg utover ca 20%….
Me gjekk vidare til Tranøy, nok ei perla. Var ut her på fyret og åt middag i lag med mannskapet på S/Y Oda. Dei har ein flott blogg: http://www.loraas.com 🙂
Etter middagen var me ein tur opp i sjølve fyrtårnet.
Altfor fin kveld til å leggja seg … Sat oppe til kl 0200 medan lyset blei flottare og flottare..
22. juli
22. juli – ein dag til ettertanke.
Segla frå Kjøpsvik til Presteid.
Her går det unna for styrbord halsar !
Hamsunds rike..
Her ligg Hamsundsenteret, det var stengt for dagen , men me fann ein tursti..
«Houses are but badly built boats, so firmly attached to the ground, that you cannot think of moving them.»
21. juli
Tok drosje frå Kjøpsvik for å gå opp til Halls fortopp like under toppen av Stetind. Flott sti langsetter ei elv opp til eit vatn.
Mykje moro med å flytta på stor stein utpå stupet…
Fyrste matrast ved eit vatn kalla Svartvatnet. Bunkra vatn i alt med kork, varme og sveitte med stort veskebehov.
Fortsettelsen vart mykje brattare…
Almost there….
Endelig oppe på Halls fortopp 1314 moh og ein fantastisk utsikt!
Eg sit og ser bort på dei som klatrar vidare bort på sjølve toppen av Stetind…
Zoom inn på desse bileta.. sjå kva enkelte torer seg ut på…
Majestetisk stein…nord-europa sitt største fjell som består av eit samanhengjande stykke stein.
Dagens selfie… me var der «nesten» på Stetind 😉
Utsikt opp igjen..
Endå eit tilbakeblikk på dette flotte fjellet 🙂
20. juli
Segla frå Lødingen til Tysfjord med vind aktenfor tvers 😉 Blei ein fantastik solingsdag på dekk 🙂
Måtte til slutt rulla inn fokka sidan den skygga for sola…Flott med picnik på fordekket i dag, medan storseglet drog oss aleine 😉
Fjella i Tysfjord byrjar å nerma seg, me gjekk inn i Stefjordbotnen for å sjå på nasjonalfjellet vårt.
Her ligg nasjonalfjellet vårt å speglar seg -Stetind. Me kjem oss ikkje opp på toppen sidan me ikkje er fjellklatrarar, men vil prøva oss på Halls fortopp i morgon. Ligg no ved flytebrygge i Kjøpsvik.