22. juli var det slutt på midnattsola i Norland fylke for i år…
I dag var Hamsundsenteret ope, vel verd eit besøk! Me var med på ei arkitektonisk vandring i huset, gjennomtenkt og imponerande bygg, verdig ein stor ordkunstnar.
Ein del av ideen bak bygget er att dei besøkjande skal kjenna på sin eigen indre uro, her utfordrar eg min indre ro…glassveggen lenar seg utover ca 20%….
Me gjekk vidare til Tranøy, nok ei perla. Var ut her på fyret og åt middag i lag med mannskapet på S/Y Oda. Dei har ein flott blogg: http://www.loraas.com 🙂
Etter middagen var me ein tur opp i sjølve fyrtårnet.
Altfor fin kveld til å leggja seg … Sat oppe til kl 0200 medan lyset blei flottare og flottare..
Skal sei de har fått opplevd mykje, også Hamarøy viste seg frå sitt beste! Skutvik, Tranøy, Oppeid vekkjer gode minner😃