I går kveld blei det eit eventyrlig lys, heilt overskya, men nett ei stripe med blå himmel ute i havet.
Blikk stille, blygrå himmel og gulraudt lys, magisk!
Lys-showet enda med eit «flammehav»
I dag har det vore mest innedag, litt regn… Byrja på svartsaum, heller dårleg framdrift, men ein start er det no 🙂 Og så var det plutseleg utekonsert i byen her! Med Astrid Smeplass og Julie Bergan. No skin sola frå nesten blå himmel 🙂
Som meddelt kjem det kjentmann frå Vega ombord onsdag 28 mai om morgonen. Ein kollega som tidlegare var sjef på MTB, men som no bur og arbeider i Brønnøysund. Godt kjent på kysten. Men han vaks opp på Vega og vil gje dåke gode tips om padling, fjellturar og havner der ute. Kjekke kar.PS. Han veit sikkert om gode fiskeplassar i området.
Supert! 🙂
Seglar de forbid husvær og??
Hei, me er ikkje kome så langt enno, men det kan godt vera 😉
Eventyrleg lys og magiske bilete 😀 😀
Takk for det Anita! 🙂