Bogøy til Lødingen

Dagens etappe i sol 🙂img_2735.jpg

Mange fasinerande fjell her.IMG_0276

Og svaberg som dette – nesten som ein installasjon av ein kunstnarIMG_0279

Me la til kai i gjestehavna på Lødingen. Etter handling gjekk me for å sola oss på denne vidunderlige stranda like ved.IMG_0281

her var eit yrande badeliv…IMG_0283

eg måtte nett vassa for å kjenna på temperaturen- er noko kaldt for meg enno…IMG_0285

Ytrefilet med steikte grønnsaker og tomat/løk kompott i dag 🙂IMG_2734

Etter oppvasken gjekk me ein tur og møtte denne svært gemyttelege gjengen frå Harstad. Dei kamperte på bubilcampen her. Me var så heldige å bli invitert til å sette oss og ta del i ein særs hyggelig kveld med utallige skrøner og mykje moro og latter. Nordnorsk gjestfrihet på sitt beste! Veldig hyggelig.IMG_0304

Kreative folk – patentert tørketrommelovn – gav god varme – flamberte reker til forrett, og grilla pølser til nattmat- perfekt!

Eit minnerikt møte med trivelige folk!IMG_0309

Og natta blir ikkje natt..IMG_0306

..berre rosa fjell og ny dag snart.IMG_0303

På tide å krype inn att i Cirkeline II og ta kvelden.IMG_0305

2 thoughts on “Bogøy til Lødingen

  1. Her låg me i fleire døgn i striregn , de er heldigare de. Men ei fin båthavn/marina. i Lødingen. Kjekt å sjå plassen i sol .

Kommenter innlegget