Havna i Risøyhamn.
Her har dei eit bygdetunmuseum med samling av gamle nordlandshus.
Her var eit tun til med flotte hus, men me var noko usikre på om det var privat eller ein del av museet, så me sto ved grinda og strekte hals…
Gamlebutikken stod att på kaien, her var ikkje ope på sundagar, men Eilev fekk allikevel oversikt over kva me kunne kjøpt om det hadde vore mandag.
Dagens etappe. Me såg nokre niser i Andsfjorden, og så trudde me att me såg spekkhogger lenger ute og sette kursen dit, men det var nok falsk alarm. Ingen kvalar i dag heller..
Stortinden og Rolla, me vil prøva oss opp på Stortinden i morgon.
Eit kjempeflott bygdetun her på Hamnvik, tilsynelatande med alle bygningar på plass!