21. juli.
Lang dagsetappe i dag.
Røst ragar ikkje høgt over havflata akkurat.
Fordekket i godver er beste plassen.
Trenyken på Skomvær nærmar seg.
Stort bedre går det ikkje an å få det, men straum i ulike retningar og stein som lurar under overflata – så navigatøren må ha auga på rett plass.
Lenger frå fastlandet går det ikkje an å ha hytte. Det er nok ikkje alle dagar som er gode hyttedagar her, men det er fantastisk flott i godt ver.
Store mengder fugl hekker her ute – alltid like fascinerande å oppleva.
Lundefuglen er sjarmtrollet. Med korte venger som er veleigna under vatn, er take off vanskeleg. Alt må brukast for å få fart, og rett som det er ender det med «crash». Lundefuglen har den mest klumsete landinga av alle.
Fantastisk plass på norskekysten dette, og vi er heldige med dagen. Kjente former frå Kåre Espolin Johnson sine framstillingar av det krevande livet her i tidlegare tider.
Nokon må «halda hjula igang»….
….medan andre sit på pauserommet.
Skomvær i maksvær.
Så der det over Vestfjorden. Litt for rolege forhold for oss, så ikkje forhold for segl som framdrift. Nukane samlar seg i bakgrunnen.
Navigasjonsvakt og siesta.
Roleg heile vegen over. Flotte stemningar på himmelen inn mot Sørfugløy.
Mange båtar i hamna, men me fekk plass utenpå imøtekomande og hyggelige nordlendingar 🙂