19-20. juni – Ben Nevis, ut av kanalen og vidare til Oban.

Ben Nevis hadde vi hatt i tankane lenge. Dette er det høgaste fjellet på dei Britiske øyar (1344 moh). Meldingane var gode, men om morgonen var det tåke og regn. I tillegg melde Randi sin mobil (med knust skjerm) at no var det jamt slutt. Oki, då var det til doktaren fyrst:20170619-IMG_6300Her møtte me ein ein Indar??, som var oppteken av å fingla med ein GoPro til rep, og utviste total mangel av interesse for nye kundar. Men etter noko pågang tok han til slutt i mot telefonen, utan nokon form for dokumentasjon, og ba oss koma att om 20 minutt… Han viste seg å vera ein redeleg kar, som kunne kunsten å byta til heil skjerm. Suksess og nytt film på skjermen som skulle tåla sleggeslag. No vare vi klare for Ben Nevis.

Trass gode meldingar regna det fortsatt utsøkt vått (varemerke for Skotland). Randi spurde seg føre i infosenteret for Ben Nevis om sjansane for at veret kunne letta. Ho møtte ein ungdom som etter å ha granska henne nøye kom til: «I see you are equipped with good norwegian mountain gear, so may be you could take the chance on trying», deretter gjekk samtala over på norsk. Me fann me ville prøva..

20170619-IMG_6221

Stien var berre heilt imponeande flott:20170619-IMG_6243

Bra sikt eit godt stykke opp, men skodde på toppen. Godt nøygde med innsatsen, 3 timars gange opp:20170619-IMG_6259

Lenger opp kjem ein ikkje på denne øygruppa:20170619-IMG_6261

Og kva er det som gøymer seg i bua på toppen? den skotske nissen? – i så fall var han ikkje heime og hadde rota til fælt20170619-IMG_6267

På nedturen letta skodda meir og meir, og utsynet blei storveges20170619-IMG_6289

Etter test av bremsar nedover frå toppen var det ok med litt steinsett veg. Skikkeleg vegarbeid.20170619-IMG_6292

Neste morgon, tid for å slusa ned, men fyrst måtte vi gje plass til at Greenpeace kunne koma opp. Dei hadde full septiktank og måtte få orden på denne før anna kunne skje. Må ha orden på slike ting …20170620-IMG_6308

Men omsider var det vår tur, og nedover mot vestsida20170620-IMG_6314

Enno litt sjarmøretappe:20170620-IMG_6324

Avslutning på park-opplevinga før saltvatn:20170620-IMG_6330

Vi bestemte oss for å gå til Oban….20170620-IMG_6361

Strøkent på vei utover.20170620-IMG_6348

Stemningar på rekke og rad.20170620-IMG_6354

Skottane har eit bra utval av slott og forsvarsbygg:20170620-3G1A1133

Oban tok vel imot oss:20170620-3G1A1165

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s