Vakker dag med nydelig ver og me legg «the small isles» bak oss.
Turen går sørvest rundt Mingulay- her var eit yrande fuglaliv med suler som stuper i havet som jetfly.
Ein rasorbill med nebbet fullt!
Dramatisk landskap på Atlanterhavs-sida av Mingulay.
Takeoff- alle flappar utstrekt!
Måtte nett i land på denne fantastiske stranda på «innsida» av Mingulay. Me fortøyde i marinaen i Castlebay på Barra. Der låg det nokon tyskarar som hadde planar om å gå til St Kilda neste morgon- veret var heilt perfekt meinte dei. Me hadde tenkt att det var vanskelig å nå den med eigen båt, men kan dei så kan me…