Tid for sightseeing ut frå Stornoway på Lewis. Vi fekk tips av folket på SY Gry om bilutleige. Vi var heldige å få ein med automat-gear, men likevel at er altså alt på motsett side både inni og utanfor bilen. Berre å kasta seg i det..
Vi hadde fått tips om at det skulle vera folkefest på stranda i vest. Vi var tidleg ute og rigging var i full gang. Her gjer dei klar kai for RIB-turar frå ei fantastisk flott strand. Dette kunne dei.
Tenk om vatnet hadde rette temperaturen…..Fiskekaker og burgarar (sikkert også Haggis) var klare, og ein kunne handla både eit og hitt, alt kosta 1 pund pr stk. Og her var karar ein kunne diskutert sauehaldet, veret og klans-saker med med…. Veret var i alle fall framifrå meinte dei (trass byger som truga), så her ville det bli folksamt og moro utover. Men desverre, vi hadde berre i overkant av 1 pund i «hard cash», så trass i iherdig forsøk på å skaffa gangbar mynt måtte vi gi oss på dette og leggja turen vidare.
Finn roen, det er vi som har kontrollen her
Dei kan dette med ull på Hebridane, og eigentleg ganske smart, dei fargelegg likegodt sauen så er det klart for rasjonell produksjon av Harris-tweeden.
Det er historie overalt. Her standing stones of Callanish, utruleg både i oppsett, størrelse og form på stein.
Det bles jo litt her og så ly er ettertrakta. Eg har valt meg ut sjefssteinen. Kva hadde dei for seg her ein gong for lenge sidan tru? Tilfeldig oppsette er det i alle fall ikkje..og lang veg er dei frakta.
Dei har hatt sans for form når dei valde stein…eller er det tidas tann ??
Vidare til neste, ein broch med etasje på etasje som storfolk budde i. Vindfull stad – kan vi få koma inn? Imponerande med dobbelveggkonstruksjon.
Litt av eit byggverk, men har vi strekt oss i seinare tid ??
«Storbonden» har modernisert kleskoden
Så var de «Black house» som faktisk har våre nytta langt fram mot vår tid. Restaurerte bygg men mange originale like ved sida av. Triveleg i tunet.
Trass at få ville høyra på, føredreg Eilev grundig om torvskjæring, tørking og bruk av torvbrensle. Synd at mange gjekk glipp av dette framifrå foredraget, det er’kje kvar dag ein har slike tilbod…
Neste dag Luskentyre beach, vide kjent og ei heilt fantastisk strand. Her er km-vis både sidevegs og utover, utruleg flott.
Og badetemperaturen ??
Og like etter – Welcome to Scotland !
Her har vi det igjen, kjempelurt å ha eigen ID på kyrne.
Etter vellukka venstrekøyreing hadde vi fortent ein bra middag
Dette kan dei her…
Og breiflabb med scallops..
Og endå vi allereie var mette….
Så flotte bilder og beskrivelser⛵️
Tusen takk for det, det er jo berre kjempefint der også ..