Kvenvær i ly for vinden.

Her ligg me og ventar på att vinden skal løya. Eilev har fortøyd båten etter alle kunstens reglar – med dempinger og ekstratau i hytt og ver. Endå så våkna eg for å høyra på vindkasta i heile natt… Eilev sov… Blåste  mellom 12 og 16 ms i natt. img_4185#.jpg

Dagen i dag har vore nytta til div. rydding og vask. Eg har strikka huer til oss- blei ferdig med dei i dag! Me kan trenge dei i dette kalde vårveret! Eilev har «kosa» seg med div. innkøyringsproblem på nye ventiler til septiksystemet. Det viste seg at han kunne mange fleire stygge ord enn det eg visste om. Stadige kontaktar til kompetansesenteret i Sagvåg. Endeleg er alt tett og berre velstand.

Her på Kvenvær har dei ein koselig restaurant på bryggja. Eg sit her med die » hausschäferin» – måleri på veggen i bakgrunnen. Eilev med hjorte trofe… dei har hjorteoppdrett og rådyr i mengder som feitar seg opp på hageplanter her på øya. Likevel ingen av dei på menyen.

Trass god dyrebestand er me i eit fiskevær. På menyen hadde dei kveite og den smakte  fortreffeleg. Så fekk me rabarbra-kake med is til dessert, velsmakende den og!

Vel tilbake i moderskipet – vinden har i alle fall løya litt, og «nykkavlastarane» ligg slakt på kaien – så i natt blir det betre søvn.IMG_9116

5 thoughts on “Kvenvær i ly for vinden.

  1. Gøy å følge dere på denne plattformen. Virkelig stas å få ferske nyheter fra turen daglig. Det blir nok en del praktiske tips å diskutere i etterkant. Godt ur videre!👍

  2. Dei huene var ju knas!! Stakkar Eilev..håper septikhistorien er slutt nå da! Så pene folk på restaurant💛💛

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s