Gratulerer med dagen alle saman! Me gjekk ein tur her på Kvenvær før me reiste- såg ingen- så her overheld dei stay home! Kledd som flagget kvit på toppen raud jakke og blå bukse!
Her ligg det fiskebåter i kø i alle viker og ventar på fisketuristar! Skulle nok vore stor aktivitet her.
Her er dagens etappe- ligg no i havn i Mausund.
Ikkje vanskeleg å forlate det mørke for dei lyse blå!
Me hadde ettervind og rolig segling langs Hitra
Regnbogen lovar at alt blir bra 🙂
Vel i havn i lag med alle dei andre 🙂
Me fekk endelig 17.mai rømmegraut! Måtte ut å sjå oss om etterpå. (bildeserie)
Me treffte ein krepsefiskar på vei attende til båten- og me var så heldige att han hadde haler å selge oss! Me gleder oss til middag i morgon!