Dagens etappe.
Blei ein nydelig dag å kryssa over frå Lofoten til Vesterålen i dag. Me gjekk for motor sidan vinden kom midt imot, men me hadde sol inn i cockpit og blei nok litt svidd i kanten…
Stoppa for å freista fiskelukka på ein merka fiskeplass, me sleppe snøre uti begge to og fekk begge fisk med ein gong! Middag sikra!
To sekund så var måsene på plass, dei ville ha sin del av fangsten!
Vel i havn her møtte me igjen nokon av bubilturistane frå Harstad, det var koseleg 🙂
Sommar i Vesterålen med 20 grader og blikkstille kveld!
Kulturlandskap Nordland har mange kunstverk ute i landskapet, Mannen frå havet står her.