Nok ein perfekt dag i sola. Me går til Husfjellet, litt oppe i lia blir det flott utsikt mot Hamn og padle-eldoradoet utanfor.
Varm dag, floger og klegg som drit i covid 19 og elgar seg innpå. Eilev har laga seg hatt for å prøva å gøyma seg for dei..
Eggen opp mot toppen, ein svært vakker fjelltur i dag.
Toppen av Husfjellet og Okstindan ute på neset.
Utsikta blir flottare for kvar høydemeter.
På toppen! Me møtte to hyggelige jenter frå Senja som delte opplevinga med oss 🙂
Toppen frå andre sida, ser nesten ut som ei mini Svolvergeit
Vegen går ned att…
..til Bøstranda. Her er det vakkert men..
..forferdelig kaldt i sjøen. Det blei med vassing.
Bøsanden
Bøsanden
På returen kom me her kor alle purler har slått seg til, og…
….jammen hadde dei slik fyllestasjon som på kaien i Grimo i gamle dagar!
Mange fiskevatn og elver, me freista fiskelykka i ei elv. Men dette kan me visst ikkje, ingen aurar beit på, det blei med kaste-trening og det einaste me fekk var ei bjørk. Me trudde den blei seig på steikepanna så me sleppe ho fri.
Midt på fjellet fann desse reinane på att no skulle dei over vegen med ein gong..
Me fekk grilla tørrfisk til middag på Senjastuene i dag, eit utmerka val 🙂 og sola skin 🙂